Larks' Tongues in Aspic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Larks' Tongues in Aspic
Studioalbum av King Crimson
Utgjeve 23. mars 1973
Innspelt Januar–februar 1973
Command Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Experimental rock
Lengd 46:37
Selskap Island
Produsent King Crimson
Kritikk
King Crimson-kronologi
Earthbound
(1972)
Larks' Tongues in Aspic Starless and Bible Black
(1974)

Larks' Tongues in Aspic er det femte studioalbumet til den engelske progrockgruppa King Crimson, opphavleg gjeven ut i 1973. Albumet er debutalbumet til den tredje besetninga av King Crimson med opphavleg medlem og gitarist Robert Fripp og dei nye medlemmane John Wetton (vokal, bassgitar), David Cross (fiolin, Mellotron), Jamie Muir (perkusjon) og Bill Bruford (trommer), samt tekstforfattaren Richard Palmer-James. Bruford hadde nettopp forlate Yes før dei la ut på Close to the Edge-turneen. Bruford følte han hadde gjort alt han kunne med Yes på dette tidspunktet og tenkte at det meir jazz-orienterte King Crimson ville passe han. Bandet nyttar her ein del fiolin og forskjellige eksotiske perkusjonsinstrument, som metallplater og mbiraer.

Albumet opnar med eit langt eksperimentelt instrumentalstykke kalla «Larks' Tongues in Aspic (Part I)». Etter dette er det tre songar med vokal, «Book of Saturday», «Exiles» og «Easy Money». Til slutt kjem to instrumentalar til, «The Talking Drum» og «Larks' Tongues in Aspic (Part II)». Instrumentalane på albumet har alle ein sterk jazz-fusion-påverknad, og delar av dei har òg ei heavy metal-kjensle.

«Exiles» har ein Mellotron-intro som bygde på ein annan instrumental kalla «Mantra», som bandet opphavleg hadde spelt i 1969.

Dette er det einaste studioalbumet med denne 5-mannsbestninga. Muir forlet gruppa medan dei turnerte for albumet i 1973. Resten av besetninga spelte inn to album til før Fripp la ned bandet i 1975.

I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock vert albumet plassert på 22. plass på lista deira over «40 Cosmic Rock Albums».[3]

Prog metal-bandet Dream Theater spelte «Larks' Tongues in Aspic Pt. II» i 2009 på albumet Black Clouds & Silver Linings .

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Larks' Tongues in Aspic (Part I)»   Robert Fripp, John Wetton, David Cross, Bill Bruford, Jamie Muir 13:36
2. «Book of Saturday»   Fripp, Wetton, Richard Palmer-James 2:49
3. «Exiles»   Fripp, Cross, Palmer-James 7:40
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
4. «Easy Money»   Fripp, Wetton, Palmer-James 7:54
5. «The Talking Drum»   Fripp, Wetton, Cross, Bruford, Muir 7:26
6. «Larks' Tongues in Aspic (Part II)»   Fripp 7:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eder, Bruce. «Larks' Tongues in Aspic - King Crimson | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/larks-tongues-in-aspic-r10910. Henta 12. juni 2012. 
  2. Christgau, Robert. «Robert Christgau: CG: King Crimson». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?id=748&name=King+Crimson. Henta 12. juni 2012. 
  3. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.