Lárnakasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Larnacasjøen)
Lárnakasjøen
innsjø
Lárnakasjøen med delar av Lárnaka by i bakgrunnen.
Land  Kypros
Høgd over havet 0 moh.
Areal 2,2 km²
Koordinatar 34°54′N 33°37′E
Byar Lárnaka
Kart
Larnacasjøen
34°54′00″N 33°37′00″E / 34.9°N 33.616666666667°E / 34.9; 33.616666666667
Wikimedia Commons: Larnaca salt lakes

Lárnakasjøen (gresk Αλυκή Λάρνακας, Alykí Lárnakas, tyrkisk Larnaka Tuz Gölü) er ein saltsjø vest for byen LárnakaKypros. Han er den nest største saltsjøen på Kypros etter Lemesóssjøen med eit areal på 2,2 km². Innsjøen ligg like ved vegen som går frå Lárnaka flyplass og eit av dei mest karakteristiske landemerka i området. Ved breidda av innsjøen ligg Hala Sultan Tekke, eit av dei mest heilage helgenskrina i osmansk islam. Det husar grava til Umm Haram, Muhammed si amme.

Bortsett frå det naturskjønne området, er innsjøen stoppestad for flamingoar frå desember til mars. Det er estimert at mellom 2 000 og 12 000 flamingoar held seg her i vintermånadane.[1] Ofte kjem det fuglekikkarar til området, og Lárnakasjøen har vorte erklært eit verna område.[2]I den seinare tida har det vist seg at flamingoen ikkje berre stoppar i området, men òg hekkar her.[3]

I sommarmånadane tørkar innsjøen inn og berre ei salt skorpe og ein dis av grått støv ligg att. I følgje legenda kjem det salte vatnet av ei hending mellom den heilage Lasarus og ei gamal kone, som han bad om mat og drikke. Ho hadde ikkje, og hevda at vinane hennar hadde tørka inn. Då svara Lazsrus: «Må vinen din verte tørr og ein salt sjø for alltid». Ei meir vitskapleg forklaring er at salt vatn trengjer gjennom den porøse bergarten mellom innsjøen og havet, og dermed gjer vatnet svært salt.

Salt som vert hausta frå denne innsjøen var tidlegare ein av dei store eksportvarene frå øya. Saltet vart frakta på esel til breidda av innsjøen og samla i store haugar. Saltinnhaustinga har minka mykje dei siste åra sidan øya importerer det meste av saltet frå andre stader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BirdLife IBA Factsheet Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.
  2. Ramsar
  3. E. Hadjisterkotis and M. Charalambides, Flamingo hekkar i Lárnakasjøen, Zeitschrift für Jagdwissenschaft, Volume 48, Supplement 1 / December, 2002.[1][daud lenkje]