Larne Lough
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Larne Lough, eller Inbhear Latharna på irsk, er ein fjord (sea lough på engelsk) i grevskap Antrim i Nord-Irland, nær byen Larne på nordaustkysten av Irland. Fjorden ligg mellom halvøya Islandmagee og fastlandet.
Larne Lough er erklært ein «Stad av særskild vitskapleg interesse» (Site of Special Scientific Interest), «Spesielt verna område» (Special Protection Area) og Ramsar-stad for å verne om våtmarksområde og særleg visse fugleartar og skalldyr.
Chaine Tower fyr ligg på vestsida av inngangen til Larne Lough.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Larne Lough frå Engelsk Wikipedia .