Lars Bystøl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Bystøl


Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. desember 1978 (45 år)
Voss herad
Idrett skihopping, kombinert
Tok del i

Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 2006 – Laghopp

Lars Bystøl (fødd 4. desember 1978) er ein norsk tidlegare skihoppar frå MyrkdalenVoss.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Han vann sitt fyrste verdscuprenn 4. januar 2006 i Innsbruck under den tysk-austerrikske hoppveka. Ein månad seinare vart han olympiameister då han vann normalbakkerennet under vinter-OL i Torino. I same olympiaden vann bronsemedaljar i storbakkerennet og i laghoppinga, i den siste tevlinga saman med Bjørn Einar Romøren, Tommy Ingebrigtsen og Roar Ljøkelsøy. Bystøl er medlem av Idrottslaget Eldar.

Besteplasseringar i verdsmeisterskap og olympiske leikar[endre | endre wikiteksten]

  • 2005: Nr 4 i stor bakke, og bronsemedalje i laghopping i Oberstdorf
  • 2006: Gullmedalje i normalbakke, bronsemedalje i stor bakke og i laghopping under OL i Torino. Vinnar av verdscuprenn i Innsbruck.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Bystøl la opp i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]