Lars-Göran Åslund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars-Göran Åslund


Statsborgarskap Sverige
Fødd 7. juni 1945 (78 år)
Åsarna
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 1970, cross-country skiing at the 1972 Winter Olympics, Ski-VM 1974

Lars-Göran Åslund (fødd 7. juni 1945) frå Åsarna er ein svensk tidlegare langrennsløpar. Han vart verdsmeister på 15 km under Ski-VM 1970 i Štrbské pleso i dagens Tsjekkia, den gongen i Tsjekkoslovakia. Åslund var medlem av Åsarna IK.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Åslunds store tid som langrennar kom under Ski-VM 1970. På opningsdistansen over 30 km vart han beste svenske utøvar med ein sjetteplass. Likevel var det overraskande at han på den neste distansen, 15-kilometeren, skulle gå heilt til topps. Med tida 47.04,7 vart han verdsmeister med ein margin på heile 33,4 sekundar til sølvvinnaren Odd Martinsen. På stafetten gjekk han sisteetappen for Sverige, i kamp mot Sovjetunionen og DDR måtte han gje tapt for begge nasjonane og kom på bronseplass, 20 sekundar bak Sovjets Vjatsjeslav Vedenin og seks sekundar bak austtyskaren Gert-Dietmar Klause. Også på den avsluttande femmila vart Åslund beste svenske deltakar.

Seinare klarte ikkje Åslund å fylgje opp den sterke 1970-sesongen. Heile den fyrste halvdelen av 1970-åra var han mellom dei fremste svenske langrennarane, men lukkast aldri å vinne noko svensk meisterskap. Ei heller gå til topps i ei internasjonal tevling.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • Ski-VM 1970 i Štrbské pleso: Gullmedalje på 15 km, bronsemedalje på 4 x 10 km stafett, nummer 5 på 50 km og nr 6 på 30 km
  • Vinter-OL 1972 i Sapporo: Nr 11 på 30 km, samt med på det svenske laget som kom på fjerdeplass på stafetten
  • Ski-VM 1974 i Falun:.Nr 5 på 30 km

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 1970