Lars Amund Vaage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Amund Vaage
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mai 1952 (71 år)
Sunde i Sunnhordland
Yrke Forfattar
Periode 1979-
Ektefelle Hanne Bramness
Debut Øvelse Kald vinter

Lars Amund Vaage (fødd 13. mai 1952)[1] er ein norsk forfattar frå Sunde i Kvinnherad kommune i Sunnhordland.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Lars Amund Vaage er barnebarn av forfattaren Ragnvald Vaage (1889–1963).

Han vaks opp på Sunde i Kvinnherad, og studerte klaver ved Griegakademiet i Bergen. Han debuterte i 1979 med romanen Øvelse Kald vinter og har sidan gitt ut romanar, noveller, diktsamlingar og barnebøker, og eit langt essay om kunsten å fortelje, Sorg og song (2016).

«Den eg skriv dette til kan ikkje lesa.» Det er opningssetninga i Syngja, setninga er òg nøkkelen Vaage treng for å skrive om sine eigne dramatiske erfaringar og laga kunst av dei. I mange år og av mange grunnar trudde han ikkje han ville få det til, men så skjedde det. I det lange essayet Sorg og song gir han innsyn i denne erfaringa og anna innsikt han har fått i å lage forteljingar, som til dømes rolla musikken og rytmen kan spela i prosaen, og korleis fiksjonen gir skrivaren ein fridom og lesaren eit rom på ein måte som vedkjenningslitteratur ikkje gjer.

I den nyaste boka si, novellesamlinga Den vesle pianisten, skriv Vaage om kjærleik, lengt og manglande kjærleik. Borna og dei vaksne som vert skildra her, leitar etter eit eige språk å uttrykke seg på, ord eller musikk: noko som kan knyta dei til andre og gje dei meining. Dei møter store hindringar. Kunsten kan gje håp og innsikt, men det er mange vaktarar ved dørene til kunstverda, musikklærarar ikkje minst. Eit grunnleggjande spørsmål i boka er korleis ein kan finna og leva ut kjærleiken når ein ikkje er oppvaksen med han.

Verk av Vaage er omsette til engelsk, hindi, polsk, russisk, svensk og tysk.

I 2012 vart han tildelt Brageprisen i klassa skjønnlitteratur for romanen Syngja.[2]

Han var festspeldiktar ved Festspillene i Bergen i 2001, og i 2008 ved Dei nynorske festspela.

Han har blitt tildelt mange prisar for bøkene sine. I 1995 fekk han det definitive litterære gjennombrotet med romanen Rubato, som han mottok Kritikerprisen og Nynorsk Litteraturpris for, og som dessuten vart nominert til Nordisk råds litteraturpris. Han har fått Aschehougprisen, Oktoberprisen, Gyldendalprisen og Doblougprisen for samla forfattarskap. I 2002 vart han nominert til Brageprisen for Kunsten å gå. I 2012 mottok han Brageprisen i gruppa skjønnlitteratur for Syngja, ein roman basert på erfaringane med å ha eit barn med alvorleg autisme. Boka blei ein bestseljar, og har sidan fått status som ein klassikar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1994 – De beste norske novellene (Oslo: Aventura). ISBN 82-588-1040-5 I fulltekst ved nb.no  [Av innhaldet: Kyr / Lars Amund Vaage]
  • 2003 – Barnebokskatten : nynorsk dikting for barn gjennom 120 år. 2. Prosa (Oslo: Samlaget). ISBN 82-521-5806-4  [Inneheld bidrag av Lars Amund Vaage]

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

  • Art Spiegelman, Maus: historia til ein overlevande (1993)
  • Lorine Niedecker: Nord sentralt, dikt (2003)
  • Joy Harjo, Å koma tilbake frå fienden, dikt i utval (2006)
  • Tennessee Williams, Katt på heitt blekktak, skodespel (2007)
  • Bob Arnold, Sanndrøymd, dikt for unge (2009)
  • Frances Horovitz, Dikt i samling (2017)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Lars Amund Vaage (13.05.1952)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013. 
  2. 2,0 2,1 Tone Staude (28. november 2012). ««Årets vinnere av Brageprisen»». nrk.no. Henta 28. november 2012. 
  3. Svein Olav B. Langåker (19. april 2013). ««Heidrar Lars Amund Vaage»». Framtida. Henta 19. april 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]