Lars Blilie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lars Kristian Blilie (5. april 182017. desember 1892) var ein gardbrukar og stortingsmann frå Vestre Toten. Han var far til Mathias Blilie.

Blilie var son til ein gardbrukar. Han dreiv i yngre år på med ymse, mellom anna var han urmakar, børsemakar, signetstikkar, gravørarbeidar og sysla med utklekking av fisk. 18 år gammal vart han gardbrukar.

Han var rodemeister for ein veg i ni år og medhjelpar åt presten i 35 år. Frå 1846 var han medlem av heradsstyret, der han i 40 år sat i formannskapet, åtte av dei ordførar. Elles var han medlem av forlikskommisjonen 1854-79 og valmann i 25 år. Frå 1862 var han styrar av eit branntrygdelag for Toten og Vardal, og direktør (styremedlem) i sparebanken.

Blilie representerte Kristians amtStortinget frå 1871 til -76 og frå 1880 til -85. Han var på alle tingsamlingane medlem av tollkomiteen. Perioden 1883-85 var han også med i valkomiteen, i 1885-sesjonen medlem av Lagtinget frå 22. april. I 1876 var han permittert frå 19. mars. Han vart medlem av Venstre då partiet vart skipa.

Blilie døydde heime på slektsgarden i Vestre Toten i 1892.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914