Lars Bohinen
Lars Bohinen (fødd 8. september 1969) er ein tidlegare norsk fotballspelar. Bohinen var midtbanespelar. Bohinen fekk 49 A-landskampar for Noreg, og scora 10 landslagsmål. Han spelte i samtlege av Noreg sine kampar i fotball-VM i 1994.
Bohinen spelte seniorfotball for 11 ulike klubbar. I Noreg var han innom Bærum, Lyn, Vålerenga (to periodar), Viking og Lillestrøm. Han spelte også for ei rekke klubbar i utlandet – fyrst for sveitsiske Young Boys Bern, seinare for dei engelske klubbane Nottingham Forest, Blackburn og Derby, og til slutt i dei danske klubbane Lyngby FC (no Lyngby Boldklub) og Farum. Han avslutta karrieren i Vålerenga i 2003.
I 1995 skapa Bohinen avisoverskrifter då han valde å boikotte privatlandskampen mot Frankrike i protest mot dei franske prøvesprengingane i Stillehavet, og fekk både ros og kritikk for sitt engasjement.
Bohinen arbeider no som sportsleg administrativ leiar i Vålerenga Fotball. Bohinen er fetter til Sigurd Rushfeldt, som også er ein mangeårig landslagsspelar og utanlandsproff.
Spelarkarriere [endre]
| Klubb | Kampar* | Mål* | Periode |
|---|---|---|---|
| 2 | 0 | 1986 | |
| 20 | 3 | 1987 | |
| 33 | 5 | 1988-1989 | |
| 10 | 0 | 1990 | |
| 58 | 6 | 1990-1993 | |
| 19 | 1 | 1993 | |
| 64 | 7 | 1993-1995 | |
| 58 | 7 | 1995-1998 | |
| 56 | 1 | 1998-2001 | |
| 26 | 0 | 2001-2002 | |
| 2 | 0 | 2002 | |
| 6 | 1 | 2003 |
* Berre seriekampar.
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Thorstvedt • 2 Halle • 3 Johnsen • 4 Bratseth • 5 Bjørnebye • 6 J. Flo • 7 Mykland • 8 Leonhardsen • 9 Fjørtoft • 10 Rekdal • 11 Jakobsen • 12 Grodås • 13 By Rise • 14 Nilsen • 15 Løken • 16 Sørloth • 17 Eggen • 18 Håland • 19 Strand • 20 Berg • 21 Rushfeldt • 22 Bohinen • Trenar: Olsen |
||
- Fødde i 1969
- Norske fotballspelarar
- Norske landslagsspelarar i fotball
- Lyn-spelarar
- Viking-spelarar
- Lillestrøm-spelarar
- Bærum-spelarar
- Norske fotballspelarar i England
- Nottingham Forest-spelarar
- Blackburn-spelarar
- Derby-spelarar
- Norske fotballspelarar i Sveits
- Young Boys-spelarar
- Norske fotballspelarar i Danmark
- Lyngby-spelarar
- Farum-spelarar
- Folk frå Vadsø
- Skal vi danse-deltakarar