Lars Evensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lars Samuel Myhrer Evensen (12. november 189619. januar 1969), fødd i Drøbak, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet) og fagforeiningsmann. Han var formann for kjøttarbeidarforbundet frå 1927, sekretær i LO frå 1934 og nestformann i 1939. Saman med formann Konrad Nordahl var Evensen blant dei fremste talspersonane for å konfrontere okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen og blei fratatt vervet sommaren 1940.

Etter mjølkestreiken og forsøket på nazifisering som ramma LO hausten 1941 drog Evensen til Sverige der han spelte ei leiande rolle i Arbeiderpartimiljøet.

Etter krigen blei han handelsminister i Gerhardsen si samlingsregjering i 1945, og mellom 1947 og 1953 var han industriminister. Mellom 1954 og 1957 sat han på Stortinget. Han var fylkesmann i Vest-Agder mellom 1954 og 1966.