Lars Grini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lars Grini (fødd 29. juni 1944) i Gran, er ein norsk, tidlegare skihoppar. Han vann bronsemedaljen i storbakkerennet under Vinter-OL 1968 i Grenoble, og vann to år seinare ein ny medalje av same valør under verdsmeisterskapen i Štrbské pleso, den gongen i normalbakken. Tidlegare, i 1967-sesongen, sette han verdsrekord i skiflyging i Oberstdorf med eit hopp på 150 meter. Han tevla for Ski- og fotballklubben Lyn.

Fremste prestasjonane[endre | endre wikiteksten]

Grini slo gjennom i 1965-sesongen. Etter å ha vunne bronsen under noregsmeisterskapen i normalbakken Midstubakken, bak Bjørn Wirkola og Torgeir Brandtzæg, imponerte han stort under Holmenkollrennet i mars. Han forbetra den årsgamle bakkerekorden i Holmenkollbakken med to meter til 89 meter. Grini enda på andreplass, 1,2 poeng bak vinnaren av tevlinga, Dieter Neuendorf.

To år seinare var Grini tilbake i toppen, vann Svenska skidspelen, men vert særleg hugsa for verdsrekorden som han sette i skiflygingsbakken i Oberstdorf. Med eit hopp på 150 meter forlenga han rekorden for verdas lengste skihopp med fire meter.

I 1968 vart Grini beste nordmann under OL-rennet i storbakken og vann bronsemedaljen. Han vart nummer 13 i normalbakken. Ny bronse kapra han under verdsmeisterskapen i Strbske Pleso i 1970, då i normalbakken, i storbakken vart resultatet ein 11. plass.

Same sesongen, 1970, vart Grini noregsmeister fyrste gongen, han vann då normalbakkerennet i Trondheim. Sidan fekk han to til NM-gull, i 1973 og 1974, det siste i storbakken. I alt vann Grini tre gullmedaljar, like mange sølvmedaljar og fire bronsemedaljar under NM-hopprenn.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1965: Nr 2 i Holmenkollen
  • 1967: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun
  • 1967/68: Bronsemedalje i storbakken under OL i Grenoble. Nr 2 i Oberstdorf og i Lahti
  • 1969: Vinnar av Svenska Skidspelen i Falun, nr 3 i Bischofshofen
  • 1970: Bronsemedalje under verdsmeisterskapen i Strbske Pleso
  • 1971: Nr 12 i Svenska Skidspelen i Falun
  • 1972: Nr 8 i Holmenkollen
  • 1974: Nr 15 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1965: Bronsemedalje i normalbakken i Oslo
  • 1967: Sølvmedalje i normalbakken i Mo i Rana
  • 1968: Sølvmedalje i normalbakken på Ørskog, bronsemedalje i storbakken i Bærum
  • 1969: Nr 7 i storbakken på Odnes
  • 1970: Noregsmeister normalbakken i Trondheim
  • 1971: Bronsemedalje i normalbakken i Rælingen
  • 1972: Bronsemedalje i normalbakken i Trondheim
  • 1973: Noregsmeister normalbakken på Vang, sølvmedalje i storbakken på Lillehammer
  • 1974: Noregsmeister i storbakken i Meldal
  • 1976: Nr 5 i storbakken på Rena

Grini la opp som skihoppar i 1976. Sidan dreiv han oppdrett av travhestar heime på Gran.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]