Lars Johannes Irgens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lars Johannes Irgens av P. Meidell
Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814

Lars Johannes Irgens (9. oktober 177522. april 1830) var ein offiser, embetsmann og eidsvollsmann.

Irgens var fødd i Hoff i Solør, der far hans, Hartvig Irgens, var prest. Nokre år var han løytnant i opplandske dragonkorps. I 1801 gifta Irgens seg med Christiane Louise Smith.

Irgens vart cand. jur. i 1803. Same året vart han sorenskrivar i Indre Sogn. Dette embetet styrte han til han døydde. Irgens budde ei kort tid i Ambla før han flytta til Loftesnes sentrum av Sogndal. I 1813 flytte han og kona i nytt hus, Christianelyst, i Solvorn.

Irgens døydde på Solvorn i Hafslo i 1830. Han var far til Nils Irgens.

Riksforsamlinga på Eidsvoll[endre | endre wikiteksten]

I 1814 var Irgens utsending frå Nordre Bergenhus amt på riksforsamlingaEidsvoll. Der slutta han seg til sjølvstendepartiet. Dei andre som representerte amtet på riksforsamlinga var Nicolai Nielsen, og Peder Hjermann vald av amtet, samt Ole Elias Holck og Nils Johannesson Loftesnes vald av Det Bergenhusiske Regiment.

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

Alle dei fem utsendingane frå Nordre Bergenhus amt til Eidsvoll i 1814 er heidra med minnesmerke. På grava til Irgens på den gamle kyrkjegarden i solvorn står ein jernkross. Krossen er ca 180 cm høg, 15 cm brei og armane går ca 50 cm ut frå stammen. På austsida står namnet, på vestsida kva år han vart fødd og døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]