Lars Monsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lars Monsen

Lars Thorbjørn Monsen (fødd 21. april 1963) i Oslo er ein norsk-samisk journalist, forfattar, villmarks- og ekspedisjonsfarar. Han har eige bokforlag - Lars-forlaget - Lars Monsen Boksenteret AS. Han er utdanna som lærar.

Lars Monsen skreiv tidlegare for bladet Villmarksliv og har sidan 1991 skrive ei rekkje bøker om turane sine i villmarka. I 2005 vart han kjend i samband med naturprogramma Canada på tvers, sendt i NRK fjernsynet. Han har laga fleire fjernsynsseriar om turane sine, som På tur med Lars Monsen og Nordkalotten 365

Ekspedisjonar[endre | endre wikiteksten]

Lars Monsen har mellom anna gjennomført desse ekspedisjonane:

  • Til fots over Canada (2 år og 7 månader, 8252 km)
  • Til fots over Alaska (10 månader, 3000 km)
  • Til fots over Noreg (365 dagar, 3000 km)
  • Til fots over Kodiak Island, Alaska
  • Til fots over Admiralty Island, Alaska
  • Med kano gjennom Katmai National Park, Alaska, to gonger
  • 900 km til fots gjennom Finland, Sverige og Noreg
  • 90 dagar til fots i Børgefjell nasjonalpark
  • 3 1-månads turar: Finnmark, Femundsmarka og Saltfjellet, 2004, til tv-serie på NRK1
  • 365 dagar på Nordkalotten (Noreg, Sverige og Finland) september 2006 - september 2007, tv-serie på NRK1

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1991: Norge på langs, medforfattar Trond Strømdahl (nyutgåve i 2006)
  • 1993: Med fiskestang og svartkjele (nyutgåve i 2006)
  • 1994: Med kart og kompass i villmarka (nyutgåve i 2006)
  • 1995: 90 dager på loffen i Børgefjell
  • 1996: Til fots gjennom Alaska
  • 1998: Villmarksboka (nyutgåve i 2005)
  • 1999: Ekspedisjoner i bjørneland
  • 2002: Canada på tvers (nyutgåve i 2005)
  • 2003: Kappløp gjennom Alaska - Robert Sørlies gullferd til Nome (medforfattar Nina Skramstad)
  • 2006: 101 villmarkstips
  • 2006: Turer med trøkk 1 (ulike medforfattar)
  • 2007: Få fisk med Lars og Trond (fiskebok for nybegynnarar, medforfattar Trond Strømdahl)
  • 2007: Nordkalotten 365
  • 2007: Børgefjell (ny, revidert utgåve, medforfattar Trond Strømdahl)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]