Lars Oftedal (1877-1932)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For faren med same namn, sjå Lars Oftedal (1838-1900).

Lars Oftedal (3. januar 187719. april 1932), fødd i Stavanger, var ein norsk avisredaktør og statsråd for partiet Venstre, i tre regjeringar og i to departement.

Lars Oftedal var først statsråd i Sosialdepartementet (sosialminister) i Otto Albert Blehr si andre regjering som tiltrådde 22. juni 1921. Frå 20. oktober 1922 blei han flytta til Handelsdepartementet som (handelsminister), der han sat til regjeringa gjekk av 5. mars 1923.

Han blei igjen statsråd og sjef for Sosialdepartementet i Johan Ludwig Mowinckel si første regjering frå 25. juli 1924 til 4. mars 1926.

Han var til slutt statsråd og sjef for Handelsdepartementet i Johan Ludwig Mowinckel si andre regjering frå 15. februar 1928 til 11. mai 1931.

I perioden 1916 til 1918 var han vararepresentant til Stortinget. Han vart vald inn som fast representant i periodane 1922-1924 og 1925-1927.

Oftedal tok juridisk embetseksamen i 1899 og var redaktør for Stavanger Aftenblad frå 1900 til 1921. Han gjorde avisa til eit leiande organ for Venstre på Vestlandet. Han sat i Stavanger bystyre frå 1907 til 1913 og deretter også i formannskapet fram til 1921.

Han var son til sokneprest og redaktør Lars Oftedal og hustru Olava Mathilde Ohlsen. Han var gift med Alice Stephensen (1877-1938), og dei hadde borna Sven Oftedal og Christian Oftedal.

Det er røyst ei statue til minne om han i Stavanger sentrum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]