Lars Olsen Skrefsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lars Olsen Skrefsrud (4. februar 184011. desember 1910) var ein norsk misjonær og språkforskar fødd i Fåberg nær Lillehammer og død i Benagaria i India. Saman med Hans Peter Børresen vert han rekna som stiftar av Santalmisjonen.

Før han byrja med misjonsverksemda hadde Skrefsrud eit omflakkande liv. I 1858 vart han dømd til fire års soning i Oslo Kretsfengsel for fleire tilfelle av steling. Under fengselsopphaldet fekk han ei religiøs nyorientering, vart omvend og la om livsstilen.

Då han slapp ut att frå fengsel, var det få som ville hjelpa ein tidlegare innsett. Trass i dette vart han ynskt velkomen hjå bokhandlaren Bodding på Gjøvik. Hjå familien Bodding fungerte han òg som lærar for sonen i huset, Paul Olaf Bodding.

Skrefsrud skjøna med tida at han måtte læra seg språket til folka på misjonsmarka. Dette gjorde han med tida svært språkmektig, og han lærde seg å meistra over atten ulike språk. Han utvikla ei religiøst prega språkfilosofisk tenking, som han gjerne formidla vidare. Han vart kjend som ein dyktig og inspirerande folketalar.

Skrefsrud lét seg attdøypa, og var lenge inspirert av dei baptistiske misjonskyrkjene i India, før han saman med Børresen etablerte «The Indian Home Mission to the Santals». Santalmisjonen har i tida etter fått avgreiningar til fleire land, mellom anna Danmark (ved Hans P. Børresen), Sverige og USA (ei tid òg til Storbritannia). Skrefsrud døydde i Benagaria i India. Gravstaden ligg like utanom kyrkja.

Paul Olaf Bodding førde vidare arbeidet til Skrefsrud og Børresen.