Lars Sæim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Sæim

Fødd17. februar 1862
Alversund
Død16. februar 1932 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Lars Nilsson Sæim (17. februar 186216. februar 1932) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Alversund i Hordaland. Sæim var medlem av Venstre.

Sæim var son til ein gardbrukar på Sæim. Sjølv vart han seminarist frå Stord i 1881 og vart så tilsett som lærar i Manger same året. Året etter fekk stilling som lærar og kyrkjesongar i Brunkeberg i Telemark. Der vart han verande til 1888, då han vende heim til Sæim og dreiv ein privatskule det neste året. Det fylgjande skuleåret, 1889-90, heldt han privatskule i Heddal i Telemark. Åra 1890-96 var han lærar og kyrkjesongar i Slemdal. I 1896 tok han over farsgarden på Sæim og dreiv denne sidan. Dei fire åra fram til 1900 var han også lærar og kyrkjesongar i heimbygda.

Sæim var medlem av heradsstyra i både Kviteseid kommune, Slemdal og Alversund. Han var varaordførar i Alversund 1905-10 og sidan ordførar. Elles var han formann i skulestyret frå 1904 til -10 og styreformann i Alversund Sparebank frå 1910. Sæim representerte ein einmannskrins i NordhordlandStortinget frå 1913 til -18. I den fyrste valperioden var han medlem av tollkomiteen, i den andre av vegkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]