Lars S. Romundstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars S. Romundstad
Fødd12. september 1885
Straumsnes kommune
Død30. juni 1961 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Lars Sverkeson Romundstad (12. september 188530. juni 1961) var ein gardbrukar og politikar frå StraumsnesNordmøre. Han representerte BondepartietStortinget frå 1928 til 1949.

Romundstad var utdanna frå Møre fylkes landbruksskule skuleåret 1905/06. I yngre år arbeidde han heimegarden Gjengset, eit bruk som han som eldste son overtok frå mor si og dreiv vidare. Perioden 1921-28 var han dessutan kasserer i Straumsnes Sparebank.

Romundstad sat i heradssstyret i Straumsnes frå 1919 til 1934; periodane 1922-28 og 1931-34 var han ordførar. Han var også krinssekretær i Norges Bondelag frå 1919 til 1928, formann i Møre og Romsdal Bondeparti frå 1939 til 1949. Romundstad vart vald inn på Stortinget for landkrinsane i Møre og Romsdal ved valet hausten 1927, og vart sidan kvar gong attvald, siste gongen i 1945. I sin siste periode på Stortinget var han formann i Skog- og vassdragskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]