Lars Ulrich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lars Ulrich
Lars Ulrich live in London 2008-09-15.jpg
Fødd 26.12.1963
Instrument Trommer
Sjanger Heavy metal, thrash metal, hardrock
Aktive år 1981-notid
Tilknytte artistar James Hetfield
Kirk Hammet
Robert Trujillo
Nettside http://www.metallica.com/

Lars Ulrich (fødd 26. desember 1963 i Gentofte kommune) er ein dansk musikar. Han er trommeslagar og låtskrivar i det kjende metal-bandet Metallica.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ulrich vart fødd i Gentofte og voks opp i København. Far hans var tennisspelar, og Lars Ulrich flytta til USA i 1980 for å satse på tennis. I dag er han amerikansk statsborgar.

I 1981 vart Ulrich kjend med James Hetfield, og saman grunnla dei Metallica same år. Hetfield og Ulrich har skrive mest samtlege av bandets låtar, sjølv om dei av og til og får input frå dei andre medlemmene. I heile karrieren til Metallica er det berre to songar der Ulrich ikkje er kreditert som skribent. Dei to songane er «Anesthesia (Pulling Teeth)» og «Motorbreath», begge frå debutalbumet Kill 'Em All.

Etter at bandet fann ut at ein demo av songen «I Disappear», som ikkje var utgjeve enda, var tilgjengeleg på fildelingsnettverket til Napster i 2000, engasjerte Ulrich (og Metallica) seg sterkt i kampen mot piratkopiering av musikk på Internett.