Larsenisen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Larsenisen
isbrem
Larsen B kollapsar. Biletet syner forsvinnga frå 1998 til 2002.
Land  Antarktis
Stad Oates Land
 - koordinatar 67°30′S 62°30′W
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Larsenisen
67°30′ S 62°30′ W
Larsenisen is located in Antarktis
Larsenisen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Larsen Ice Shelf

Larsenisen er ein lang isbrem nordvest i Weddellhavet som strekkjer seg langs austkysten av Den antarktiske halvøya frå Cape Longing i området like sør for Hearst Island. Han er kalla opp etter kaptein Carl Anton Larsen, kapteinen på den norske kvalskuta «Jason», som segla langs isfronten så langt sør som til 68°10' i løpet av desember 1893.[1]

Somme isbremmar i Antarktis.

Larsenisen er (eller var) i røynda ei rekkje på tre isbremmar som dekkjer (eller dekte) fråskilde bukter langs kysten. Frå nord til sør vert dei tre kalla Larsen A (den minste), Larsen B og Larsen C (den største) av forskarar som arbeider i området. Larsen A-isen forsvann i januar 1995.[2] Larsen B-isen forsvann i februar 2002. Larsen C-isen verka å vere stabil i 2008, men forskarar har varsla at om den lokale oppvarminga held fram som i dag, så vil denne isen òg forsvinne ein gong i nær framtid.[3]

Oppløysinga av Larsenisen var særs uvanleg. Typisk mistar isbremmane masse ved at isfjell kalvar og ved at den øvre og nedre flata smeltar. Oppløysinga av Larsenisen er knytt til den pågåande oppvarmingaDen antarktiske halvøya, som har vore kring 0,5 °C per tiår sidan slutten av 1940-åra. Dette er rekna som ein konsekvens av lokal oppvarming av Den antarktiske halvøya,[4] som igjen kjem av den globale oppvarminga, i følgje somme forskarar på grunn av forsterking av vinden kring Antarktis.[5]

Oppløysing[endre | endre wikiteksten]

Eit bilete av den kollapsande Larsen B-isen og ei samanlikning med den amerikanske delstaten Rhode Island.
Fragment av Larsen B varte fram til 2005.

I løpet av 31. januar 2002 til 7. mars 2002 kollapsa Larsen B-isen og braut laus. 3 250 km² med is med ein tjukkleik på 220 m forsvann, noko som utgjorde eit areal som var slike stort som Rhode Island.[6] Larsen B var stabil i opp til 12 000 år, i praksis heile holocen-perioden etter den siste istida, i følgje forskarar på Queen's University.[7] Larsen A «var borte for store delar av perioden og oppstod att for kring 4 000 år sidan», i følgje studien.

Trass i den høge alderen var Larsen B-isen tydeleg i trøbbel då han kollapsa. Varme havstraumar smelta bort undersida av isen, og han hadde vorte nær sagt «sentrum for global oppvarming.»[8] Det som særleg overraska glasiologane var kor raskt det skjedde, berre tre veker (eller mindre). Ein faktor dei ikkje hadde rekna med var kor kraftig effekten av flytande vatn var. Dammar med smeltevatn danna seg på overflata i sola som skein nær 24 timar av dagen. Vatnet strøymde så ned i sprekkene og fungerte som kiler og brekkjern på bremmen som braut saman i ein sveip.[9][10] Global auke i lufttemperaturen var ikkje den einaste faktoren som førte til oppbrytinga i følgje Ted Scambos ved det nasjonale snø- og isdatasenteret i University of Colorado.

« Det er sannsynleg at smelting frå høgare havtemperaturar, eller til og med ein nedgang i ismassen på halvøya over hundreår, var med på å presse Larsen-isen til bristepunktet. »

Sjølv om den attverande Larsen C-isen, som ligg lengst sør, verkar å vere relativt stabil no,[12] vil vidare oppvarming kunne føre til at òg denne bryt saman i løpet av dei neste ti åra.[13] Om denne siste delen av isen skulle forsvinne, eit område større enn Finnmark, så vil den enorme Larsenisen som Carl Anton Larsen og mannskapet hans ombord på «Jason» såg i 1893 stort sett vere borte litt over eit hundreår etter han vart oppdaga.

Då Larsen B-isen kollapsa oppdaga ein eit kjemotropisk økosystem 800 meter under havoverflata. «Trass i temperaturar nær frysepunktet og mangel på sollys, finst det eit samfunn av skjel og bakteriematter som bølmer i sedimenta i sjøen. [...] Dette vart oppdaga tilfeldig. Forskarar frå U.S. Antarctic Program nordvest i Weddellhavet undersøkte sediment i ein djup, undersjøisk dal. Metan og hydrogensulfid som ein har i samband med boblerev er trudd å vere kjelda til kjemikalsk energi som driv økosystemet. Området har vorte verna av den overliggande isen frå avfall og sediment som ein såg bygde seg opp på dei kvite bakteriemattene etter isen over forsvann. Skjela vart observert i grupper kring ventilane.[14]

Studiar har vist at i midten av den noverande mellomistida hadde den tidlegare Larsen A-isen, som låg lengst nord og utanfor Den antarktiske polarsirkelen, tidlegare brote opp og vart danna at for kring 4000 år sidan, medan den tidlegare Larsen B-isen hadde vore stabil i minst 10 000 år.[7] Farten Cranebreen flyttar seg med har tredobla seg etter at Larsen B-isen forsvann, truleg fordi bremmen fungerte som ein støttepillar.[15] Nye data av eit internasjonalt team av forskarar gjennom satellittbaserte radarmålingar indikerer at den samla massebalansen til isen i Antarktis stadig aukar i negativ retning.[16]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. U.S. Geological Survey Geographic Names Information System: Larsenisen
  2. Scientists Trek to Collapsing Glaciers to Assess Antarktis’s Meltdown and Sea-Level Rise July 16, 2012 Scientific American
  3. Larsen C thinning, arkivert frå originalen 6. februar 2013, henta 4. januar 2014 
  4. Connor, Steve (2005) «ice shelf collapse was biggest for 10.000 years since Ice Age» The Independent, London (Aug 4), online Arkivert 2014-08-23 ved Wayback Machine.
  5. Marshall et al., «The Impact of a Changing Southern Hemisphere Annular Mode på The Antarctic Peninsula Summer Temperatures" Arkivert 2011-07-16 ved Wayback Machine., Journal of Climate, vol. 19, s. 5388–5404, oktober 2006.
  6. Hulbe, Christina (2002) «Larsen Ice Shelf 2002, warmest summer on record leads to disintegration» website of Portland State University, online
  7. 7,0 7,1 Press Release (2005) «ice shelf disintigration threatens environment, Queen's study» Queens University, Kingston, Ontario, online on American Association for the Advancement of Science's Eurekalert
  8. Pearce, Fred (2006) The Last Generation: How Nature Will Take Her Revenge for Climate Change, Eden Project Books, p. 92
  9. Larsen B Ice Shelf Collapses in Antarctica, arkivert frå originalen 24. desember 2007, henta 4. januar 2014 
  10. Antarctic ice shelf Collapse Triggered By Warmer Summers Arkivert 2007-12-30 ved Wayback Machine. Office of News Services, University of Colorado at Boulder, Jan. 16, 2001
  11. «Experts challenge ice shelf claim». Two scientists have claimed that climate change was not the only cause av collapse of a 500bn tonne isbrem in Antarctica six years ago. BBC News. 7 februar 2008. Henta 4. januar 2014. 
  12. Riedl C, Rott H, Rack W (2004) «Recent Variations of Larsen Ice Shelf, The Antartic Peninsula, observerd by Envisat» Proceedings av 2004 Envisat & ERS Symposium, Salzburg, Austerrike, online
  13. Rignot, Eric (2007) «Mass Balance and Ice Dynamics of The Antarctic Peninsula glaciers for IPY2007-2008» Proposal #359, International Polar Year Expression of Intent, online
  14. Domack, Eugene; Scott Ishman; Amy Leventer; Sean Sylva; Veronica Willmott; Bruce Huber (19. juli 2005). «A Chemotrophic Ecosystem Found Beneath Antarctic Ice Shelf». Eos, Transactions American Geophysical Union (American Geophysical Union) 86 (29). Bibcode:2005EOSTr..86..269D. doi:10.1029/2005EO290001. Henta 19. juli 2012. [daud lenkje]
  15. doi:10.1029/2004GL020697
  16. Perlman, David (2008) «Antarctic Glaciers Melting More Quickly» San Francisco Chronicle (januar 26) p. A2, online

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]