Larviksfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Numedalslågen munnar ut i Larviksfjorden
Mølen i Larvik

Larviksfjorden er ein 7 km lang fjord som strekkjer seg frå linja Stavernodden fyrMalmøya og inn til Larvik med Batteristranda heilt inst. Viksfjorden er ein 7 km lang sidefjord som strekkjer seg på nordsida av Malmøya og nordaustover mot Vikerøya. Langs vestsida av fjorden går den 5 km lange turstien «Fjordstien».

Geologisk sett er Farrisvatnet ei fortsetjing av Larviksfjorden. Vatnet ligg 22 moh og er vel 20 km langt. Farriseidet er ein del av raet frå siste istid som har demd opp vatnet.

Numedalslågen som er den fjerde beste lakseelva i Noreg munnar ut i Larviksfjorden. Ho var tidlegare ei viktig fløtingselv og utskiping og produksjon av trelast har vore ei viktig næring i områda rundt Larviksfjorden, som t.d. Agnes.

Farriselva er 900 meter lang og renn ut i Larviksfjorden. Elva og fjorden var viktige føresetnader det første sagbruket vart oppretta i 1539. Larviksfjorden og områda omkring er eit særs godt døme på korleis fjord og elvar saman skapt føresetnad for busetnad og utkomme i uminnelege tider.

Både i seglskutetida og då dei første dampbåtane kom var òg dei ytre delane av fjorden viktige. Rundt 1750 vart det oppretta flåtestasjon i Stavern. Det første dampskipet i Noreg gjekk frå Stavern i 1827. I dag har Larvik daglege rutebåtsamband med Hirtshals i Danmark.

Langs fjorden er det ei rekkje fine badeplassar og sandstrender, som Hvittensand, Karistranda, Batteristranda, Rødbergstranda og Lillevikstranda. Det finst òg fleire gode hamneplassar for fritidsbåtar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]