Lascar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 23°22′S 67°44′W
Lascar
fjell
none
Land Flag of Chile.svg Chile
Fjellkjede Andes
høgd 5 592 moh
koordinatar 23°22′S 67°44′W

Lascar er ein 5 592 moh høg stratovulkan på høgfjellsplatået i Antofagasta-regionen i det nordlege Chile, aust for Salar de Atacama, tett vest for vulkanen Aguas Calientes, og nordaust for saltsjøen Laguna Lejía.

2006-utbrotet

Lascar er den mest aktive vulkanen i denne delen av Andesfjella. Han hadde sist største utbrot for om lag 26 500 år sidan. Største utbrotet i nyare tid fann stad i 1993, då den pyroklastiske straumen nådde 8,5 km unna vulkanen og det fall oske i Buenos Aires, 1 600 km frå vulkanen. Siste utbrotet tok til 18. april 2006 og har sidan pågått med vekslande styrke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]