Lassafeber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lassafeber (frå byen Lassa i Nigeria[1]) er ein vondarta, akutt og smittsam viral hemoragisk feber[1] som kjem av eit arenavirus. Han vart fyrst påvist i Nigeria i 1969. Lassafeber finst berre naturleg i Vest-Afrika, men importerte tilfelle er påviste utanfor dette området.

Sjukdomen har ei inkubasjonstid på mellom 3 og 17 dagar, og byrjar med bråe frostrier, høg feber, utslett og smerter i led og musklar. Sjukdomen har ei døying på 16-45%.

Smitten hender vanlegvis gjennom ureining av mat med urin og avføring frå den mangepatta rotta Mastomys natalensis, men kan òg henda frå sjuke menneske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]