Lasse Virén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lasse Virén

Statsborgarskap Finland
Fødd 22. juli 1949 (74 år)
Mörskom
Yrke politikar, friidrettsutøvar, politibetjent, gründer
Språk finsk
Høgd 180 centimeter
Politisk parti Samlingspartiet i Finland
Lasse Virén på Commons

Lasse Artturi Virén (fødd 22. juli 1949) er ein politikar og tidlegare finsk langdistanseløpar og politimann frå Myrskylä. Han vann fire gullmedaljar i to ulike sommar-olympiadar. I München i 1972 vann han både 5000 meter og 10 000 m, og gjentok prestasjonane på begge distansane i Montreal i 1976. I 1972 sette han verdsrekord på 10 000-meteren med 27.38,3 og på 5000 m med 13.16,4. Også i finske meisterskap vann Virén fire gullmedaljar, to på 5000 m og to på 1500 m. 50 år gammal vart han vald inn i den finske riksdagen, der han representerte det høgreorienterte Samlingspartiet i til saman ni år.

Friidrett[endre | endre wikiteksten]

Tjue år gammal vann Virén sitt fyrste finske meisterskap då han gjekk til topps på 5000 m i 1969 i Helsingfors. Han sette personleg rekord for året med 13.54,1 i ein landskamp i Brussel, og vann distansen under den prestisjetunge landskampen i Stockholm mellom Sverige og Finland. Også i 1970 sigra han på 5000 m i landskampen mellom Finland og Sverige, dessutan vann han 10 000 m i Praha i ein anaan landskamp. Gjennom sesongen forbetra han sine personlege rekordar til høvesvis 13.43,0 og 29.15,8 på dei to distansane.

Virén sette finsk rekord på 5000 m under eit stemne i Roma den 20. mai 1971, tida 13.35,2 heldt til tredjeplass i løpet. Den 1. juli tok han også den finsk rekorden på 10 000 m, då han i Helsingfors vart nummer to med tida 28.17,4, slått i spurten av Dane Korica frå Jugoslavia. Under EM 1971 på finsk heimebane i Helsingfors vart han nummer sju på 5000 m, landsmannen Juha Väätäinen vann løpet på ny finsk rekord, 13.32,6, og sikra seg sitt andre gull i meisterskapen. Ei veke etter meisterskapen tok Virén tilbake 5000-meterrekorden då han vart klokka inn på 13.29,8.

Sommaren 1972 viste Virén at han høyrde til i den absolutte verdseliten på langdistansane. Den 25. juli sprang han i Helsingfors i mål på 13.19,0, Ron Clarke sin seks år gamle verdsrekord var på 13.16,6. I byrjinga av august var han på ferde i Oslo, der han forbetra Väätäinen sin finske rekord på 10 000 m frå EM året før med fire tidels sekund, 27.52,4, og slo nestemann med over minuttet.

Den 3. september var det klart for finalen på 10 000-meteren under sommar-OL i 1972 i München. Virén var ein av fleire favorittar, men midtvegs i den ellevte runda fall han og ein annan favoritt, den tidlegare OL-medaljøren, Mohammed Gammoudi frå Tunis. Virén reiste seg og tok opp jakta på teten. Leiarane i løpet heldt ikkje oppe det store tempoet løparane hadde halde til dess, og Virén makta ta att teten etter berre to rundar. I den nest siste runda drog han i gang ein langspurt, og fekk fylgje av berre to mann; Emiel Puttemans frå Belgia og Miruts Yifter frå Etiopia. I siste sving fekk Virén luke og sprang i mål på tida 27.38,3, ny verdsrekord med eitt sekund, Puttemans fekk 27.39,6 og Yifter 27.41,0.

Nøyaktig ei veke seinare vart Virén olympiameister også 5000 m. Han spurstlo då Mohamed Gammoudi frå Tunis og Ian Stewart frå Storbritannia, som fekk sølv og bronse med tidene 13.27,6 og 13.27,8, Virén sprang i mål på 13.26,4. Fire dagar seinare, den 14. september i Helsingfors, sette han ny verdsrekord på 5000 m med to tidels sekund; 13.16,4. Denne rekorden stod berre seks dagar, ettersom førnemnde Puttemans i Brussel presterte 13.13,0 den 20. september.

Under europameisterskapen i Roma 1974 var Virén sjanselaus mot Brendan Foster på 5000 m, og måtte i spurten om sølvmedaljen også gje tapt for austtyske Manfred Kuschmann, men berga bronsemedaljen på si beste tid for året; 13.24,6. På mila vart han nummer sju, ikkje så langt bak sitt årsbeste på 28.22,6.

I sommar-OL 1976 gjentok Virén prestasjonane frå førre olympiaden, og sigra både på 5000 m og 10 000 m. På milløpet fylgde han den spurtsvake portugisaren Carlos Lopes heilt fram til nest siste runde. Straks før klokka ringde for siste runde, sprang Virén forbi og auka farta, i mål var han nesten fem sekundar føre sølvmedaljør Lopes. Få dagar seinare vann han gullmedaljen på 5000 m, der han med eit sugande tempo dei siste 1500-metrane makta halde tre tidlegare 1500-meterløparar bak seg. Mindre enn eitt døgn etter han hadde sikra seg 5000-meter-gullet, vart Virén nummer fem i maratonløpet.

Virén deltok også i Sommar-OL 1980, der han vart nummer fem på 10 000 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Virén vart kåra til årets friidrettsutøvar i verda for 1972.

Medaljar i nasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1969: Gull på 5000 m
  • 1971: Sølv på 5000 m
  • 1972: Gull på 1500 m
  • 1973: Bronse på 10 000 m
  • 1974: Gull på 1500 m og sølv på 10 000 m
  • 1975: Sølv på 5000 m
  • 1976: Gull på 5000 m
  • 1979: Sølv på 10 000 m, bronse på 5000 m
  • 1980: Bronse på 5000 m

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Frå 1992 har Virén vore ordførar i heimkommunen Myrskylä, bortsett frå dei periodane han var parlamentsmedlem. Virén var åra 1999-2007 og 2010-11 representant i den finske riksdagen. Han vart vald inn frå valkrinsen Uusimaa (svensk:Nyland valkrets) og representerte Samlingspartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott -71, -72, -73, -75
  • Sportsboken, aktuelle årgangar