Lassiter Coast

Koordinatar: 73°45′S 62°0′W / 73.750°S 62.000°W / -73.750; -62.000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lassiter Coast is located in Antarktis
Lassiter Coast
Lassiter Coast (Antarktis)

Lassiter Coast er den delen av austkysten av Den antarktiske halvøya som strekkjer seg frå Cape Mackintosh til Cape Adams. Den nordlege delen av kysten vart oppdaga og fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service (USAS) i 1940. I 1947 vart heile kysten fotografert frå lufta av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) under Finn Ronne, som i lag med Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) kartla kysten frå bakken. Kysten vart namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter kaptein James W. Lassiter som då var i US Army Air Force (USAAF), og som var sjefpilot under RARE. Lassiter var ikkje berre pilot på flyturen sørvestover frå Cape Adams, då områda til 76°00'S, 72°30'W (Mount Hassage-området) vart observert første gong, men òg på flyturen søraustover til kring 79°00'S, 43°45'W, då sjøsida av Ronne isbrem og vestlege og sentrale område av Filchner isbrem vart oppdaga og fotografert for første gong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lassiter Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).


73°45′S 62°0′W / 73.750°S 62.000°W / -73.750; -62.000