Last Time Around

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Last Time Around
Studioalbum av Buffalo Springfield
Språk engelsk
Utgjeve 30. juli 1968
Innspelt Februar 1967 — April 1968
Sjanger Folkrock, psykedelisk rock, countryrock
Lengd 32:54
Selskap Atco
Produsent Jim Messina
Buffalo Springfield-kronologi 
Buffalo Springfield Again
(1967)
Last Time Around Retrospective: The Best of Buffalo Springfield
(1969)


Last Time Around er det tredje og siste studioalbumet til det amerikanske folkrockbandet Buffalo Springfield, gjeve ut i juli 1968. Det vart framført av Neil Young, Stephen Stills, Richie Furay, Dewey Martin, Bruce Palmer og Jim Messina, som òg var produsent og lydteknikar.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Last Time Around vart gjeven ut for å oppfylle platekontrakten til bandet. Då albumet kom ut var bandet oppløyst og biletet på omslaget var ein montasje og dei fem originale medlemmane spelte berre i lag på ein song, «On the Way Home». Den originale bassisten Bruce Palmer er berre med på «On the Way Home».

Teksten på «The Hour of Not Quite Rain» var eit resultat av ein konkurranse i august 1967 på ein radiostasjon i Los Angeles. Deltakarane kunne skrive eit dikt det skulle setjast musikk til og spelast inn av Buffalo Springfield. Premien var tusen dollar i tillegg til honorar som låtskrivar. Vinnarteksten var skriven av Micki Callen.[2]

Albumet inneheld songar som vart viktige for låtskrivarane. Neil Young har framført både «I Am a Child» og «On the Way Home» på konsertar gjennom heile karrieren sin, både solo og i lag med Crosby, Stills, Nash & Young, The Transband og The Bluenotes. «Kind Woman» vart ein av dei mest kjende songane til Richie Furay. Han spelte songen med Poco og gjennom heile solokarrieren. Stephen Stills blanda «Questions» med ein ny song, «Carry On», som vart opningssporet på Déjà Vu og vart mykje spelt på konsertane til Crosby, Stills, Nash & Young.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I ei melding i Rolling Stone då albumet kom ut skreiv Barry Gifford at Last Time Around «er eit særs vakkert album» og «eit siste bevis på kor talentfulle dei er».[3] Robert Christgau skreiv for Esquire og kalla det eit «vakkert avskjedsalbum» med «countrifisert musikk», der «countryelementa er innblanda i ein total stil».[4] Richie Unterberger var mindre entusiastisk i ei einare melding for AllMusic. Han meinte at songane til Young på albumet var «eineståande», men meinte at songane til Stills var dårlegare enn dei han hadde skrive for dei førre albuma til bandet.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar){{{extra_column}}}Lengd
1.«On the Way Home»YoungRichie Furay, Neil Young2:25
2.«It's So Hard to Wait»Furay, YoungRichie Furay2:03
3.«Pretty Girl Why»Stephen Stills 2:24
4.«Four Days Gone»StillsStephen Stills2:53
5.«Carefree Country Day»Jim MessinaJim Messina2:35
6.«Special Care»StillsStephen Stills3:30
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar){{{extra_column}}}Lengd
7.«In the Hour of Not Quite Rain»Callen, FurayRichie Furay3:45
8.«Questions»Stills 2:52
9.«I Am a Child»YoungNeil Young2:15
10.«Merry-Go-Round»FurayRichie Furay2:02
11.«Uno Mundo»StillsStephen Stills2:00
12.«Kind Woman»FurayRichie FUray4:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Buffalo Springfield
Andre medverkande
  • Buddy Miles - trommer (6)
  • Jimmy Karstein - trommer (8,10)
  • Gary Marker : bass (9)
  • Jeremy Stuart - cembalo, damporgel, bjøller (10)
  • Rusty Young - pedalsteelgitar (12)
  • Richard Davis - bass (12)
  • ukjend - blåsarar (1), saksofon, klarinett (2), trommer (4), bass, trommer, cembalo, orkester (7), piano, trommer (12)

Produsent[endre | endre wikiteksten]

  • Producer: Jim Messina
  • Lydteknikarar: Adrian Barber, Phil Iehle, Jim Messina

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1968) Plassering
Billboard Pop Albums 42

Kjelder[endre | endre wikiteksten]