Lateritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Produksjon av lateritt-blokker til bustadbygging i India.

Lateritt er raudfarga forvitringsjord med aluminium- og jernhydroksid som dei viktigaste bestanddelane.

Lateritt består av vulkanske bergartar, hovudsakleg av minerala kaolinitt, goethitt, hematitt og gibbisitt. I tillegg inneheld mange laterittar kvarts. Han er utbreidd i nedbørrike tropiske og subtropiske strøk.

Det er jernoksid saman med goethitt og hematitt som gjev den raudbrune fargen.

Lateritt finst i fuktige tropiske strøk og har ingen tydeleg lagdeling. På grunn av kjemisk forvitring er dei fleste silikatminerala borte slik at jordsmonnet i stor grad består av jarn og aluminium. Jarnsambindingane gjer at fargen er raudleg. Viss plantedekket forsvinn og jordsmonnet kjem i dagen, dannar det seg eit hardt lag eller skorpe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]