Latgale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Latgale eller Latgalia (latvisk Latgale, latgalisk dialekt Latgola) er ein av fire kulturelle regionar i Latvia som er nedfelt i grunnlova. Han er den austlegaste regionen nord for elva Daugava. Medan det meste av Latvia er protestantisk er Latgale hovudsakleg romersk katolsk.

Regionen har ein stor folkesetnad med etniske russarar, særleg i Daugavpils, den største byen i regionen. Mange av russarane som budde i Latgale før det kom under Sovjetunionen var gammaltruande. Rēzekne, ofte kalla hjarte av Latgola, Krāslava og Ludza er andre store byar i regionen, som òg har ein kviterussisk minoritet. I tillegg er det framleis ein større polsk minoritet (Daugavpils har nesten like mange polakkar som latviarar).

Regionen er ein av dei fattigaste i EU og i motsetnad til det resten av Latvia var majoriteten av veljarane imot EU-medlemskap i folkeavstemminga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]