Latinsk kross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Latinsk kross frå Nordisk familjebok.

Latinsk kross (latin crux immissa) er ein kross med ein loddrett krossarm der den nedste delen er lengre enn dei andre krossarmane. I nokre høve er også den øvste krossarmen kortare enn dei andre. Denne krossforma er eit utbreidd symbol i religiøs og magisk samanheng, og er i dag særleg knytt til vestleg kristendom.

Ifølgje mykje kristen tradisjon blei Jesus krossfesta på ein latinsk kross. Ei anna vanleg oppfatting er at krossfestinga fann stad på ein T-forma antoniuskross eller taukross.

Ein omvendt latinsk kross er kalla peterskross etter apostelen Peter, som skal ha blitt krossfesta opp ned. Dette symbolet blir også brukt innan satanisme.

Ein liggjande latinsk kross er kalla filipkross.

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]