Latinsk kvadrat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit latinsk kvadrat er eit kvadratisk skjema der kvar linje og kolonne inneheld dei same bokstavane, kvar berre éin gong. Eit latinsk kvadrat med tre symbol er:
| A | B | C |
| C | A | B |
| B | C | A |
Latinske kvadrat spelar ei rolle i algebra, og i dei seinare åra er dei òg nyttiggjort i statistikken. Ved landbrukseksperiment vert prøvefelta ofte lagt ut i latinske kvadrat for å utjamne dei ulike vektsvilkåra som kan førekome. Namnet latinsk kvadrat kjem av Leonhard Euler og at han brukte store latinske bokstavar for å markere elementa.
Kjelder [endre]
- latinsk kvadrat. (2012-01-10) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/latinsk_kvadrat