Latinskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Latinskule er ein type skule som fanst i Europa frå mellomalderen til moderne tid. Skulane blei opphavleg drivne av prestar, og var hovudsakleg ei førebuing for universitetsstudium for gutar frå høgare klassar. Opplæring i latin hadde ein dominerande plass i timeplanen.

Latinskulen i Skandinavia[endre | endre wikiteksten]

Latinskulen vart oppretta som undervisningsstad i mange kjøpstader etter reformasjonen i Danmark-Noreg, den fyrste alt i 1537, som eit framhald av klosterskulane frå mellomalderen. Føremålet med undervisninga var opphavleg å førebu utdanninga av prestar.

Pensumet i latinskulen vart endra mange gonger fram til skulen vart nedlagd og gymnaset overtok den studieførebuande undervisninga. I Danmark skjedde det i 1903, i Noreg med skulelova av 1869.

Grundtvig kalla latinskulen for den sorte skole, og han sa at «den forvandlede mig til en kold, lavstammet og selvklog person». Då folkehøgskulen vart grunnlagt, var det dels ein reaksjon på undervisninga i latinskulen. Kielland er òg kjend for sin kritikk av undervisinga i latinskulen i romanen Gift.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]