Latvisk geografi

Koordinatar: 57°N 25°E / 57°N 25°E / 57; 25
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Detaljert kart over Latvia
Satellittbilete av Latvia frå mars 2003

Latvia ligg på austkysten av Austersjøen mellom Estland og Litauen. Landet er flatt og om lag 98 % av Latvia ligg lågare enn 200 meter over havet. Bortsett frå kystslettene førte isbreane under den siste istida til at Latvia vart delt inn i tre hovudregionar, morenelandskapet i vest, det austlege høglandet og det midtre låglandet. Latvia har om lag 12 000 elvar, men berre 17 av desse er 100 km eller lenger. I tillegg har landet over 3 000 innsjøar og vatn og dei fleste av desse er eutrofe. Dei største elvane i landet er Daugava, Lielupe, Gauja og Salaca. Av skogområda består meir enn halvparten av nåletre og dekkjer 41 % av landet. Bortsett frå torv, dolomitt og kalkstein er det skralt med naturressursar. Latvia har ei 531 km, sanddekt kystlinje, og hamnebyane Liepaja og Ventspils er viktige, isfrie hamner langs kysten av Austersjøen.

Latvia er litt større enn Danmark, Estland, Nederland eller Sveits. Den strategiske plasseringa har ført landet ut i mange krigar og mange stormakter har kjempa om områda. Så seint som i 1944 gav Sovjetunionen Abrene-regionen ved grensa til Livland til Russland, noko Latvia framleis stridar om.

Geografiske koordinatar: 57°N 25°E / 57°N 25°E / 57; 25

Fysisk miljø[endre | endre wikiteksten]

Latvia vert tradisjonelt sett på som eit lite land, og har berre om lag 2,3 millionar innbyggjarar. Geografisk dekkjer landet 64 589 km², som er større enn fleire europeiske land, som Belgia, Nederland, Sveits eller Danmark. Sett frå lufta er Latvia ein del av den austeuropeiske sletta. Det flate terrenget skil seg lite ut frå dei omliggande landområda og den einaste klåre grensa er kysten av Austersjøen, som er 531 km lang. Av naboland finn ein Estland i nord, som deler ei grense på 267 km, Litauen i sør (453 km grense), Kviterussland i søraust (141 km) og Russland i aust (217 km). Før den andre verdskrigen grensa Latvia òg til Polen, men etter grenseendringane som Sovjetunionen gjorde vart området ein del av Kviterussland. I 1944 annekterte òg Russland dei nordaustlege områda av Latvia, kalla Abrene, som inkluderte byen Pytalovo.

Geografiske kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Den fysiografiske utforminga av Latvia og naboområda vart i stor grad forma under kvartær perioden og istidene i pleistocen, då jord og laus stein vart pressa rundt av isbreane til haugar og åsar. Dei bølgjeforma slettene dekkjer 75 % av Latvia og gjev gode tilhøve for jordbruk. 25 % av området ligg noko høgare med moderat store åsar. Om lag 27 % av heile landet kan dyrkast og den sentrale Zemgalesletta sør for Riga er det frodigaste området. Dei tre største høglanda er Kurzeme (vest i Latvia), Vidzeme (sentralt i Latvia) og Latgale (aust i Latvia). I dette området finn ein mange morener, rullesteinsåsar og drumlinar.

Om lag 10 % av Latvia består av myrland og nokre av desse er dekte av skog. Skogane dekker om lag 42 % av Latvia. Tømmer er ein av dei største eksportvarene i landet. To tredjedelar av skogane består av furu eller norsk gran. Få av skogane er fullt utvekst på grunn av tidlegare overhogst og fleire kraftige stormar i 1960-åra, som rotvelta millionar av tre. Derfor kjem det meste av tømmeret i dag frå uttynning av skogane.

Lenge har skogen våre ei energikjelde, og sjølv i byane vert det fyrt mykje med ved. Den lokale skogen er òg viktig for cellulose og papirindustrien og møbelfabrikkane.

Ikkje alle skogane er produktive og i mange området, særleg nær forlatne gardar har skogen vakse til og or og anna kratt, som har mykje mindre verdi, har vakse til. Desse områda vert no igjen avskoga for å nyttast til jordbruk. Dette har igjen ført til ein trugsel for dyrelivet. I følgje ein studie av World Wildlife Fund i 1992 har Latvia uvanleg stor førekomst av svartstork, mindre skrikørn, oter, bever, gaupe og ulv. Det er òg store bestandar av hjort (86 000 kronhjort rådyr), villsvin (32 000), elg (25 000) og raudrev (13 000).

På grunn av den strategiske kysten av Latvia reiv Sovjetunionen ned alle husa langs vestkysten og flytta innbyggjarane til andre stader. Dette har gjeve om lag 300 km med kystlinje der naturen i stor grad har fått vere i fred med skogar av furu og gran og økologisk unike sanddyner. I dag er det ikkje lov å byggje innanfor ein kilometer frå sjøen i dette området.

Den største elva i Latvia er Daugava, som har vore ei viktig ferdselsåre i mange tusen år. Ho vart nytta av både lokale stammer, vikingar, russarar og andre europearar for handel, krig og erobringstokt. Med ei lengd på over 1000 km renn Daugava frå Valdajhøgdene i Russland og svingar seg gjennom det nordlege Kviterussland. 370 km av elva renn gjennom Latvia før ho munnar ut i Rigabukta. Ho er om lag 200 meter brei når ho kjem inn i Latvia og frå 650 meter til 1,5 km brei ved munningen. Den høge vassføringa i elva har gjort at det har vorte bygd fleire vasskraftverk langs elva. Det første var ved Kegums og seinare er det bygd to til.

Av mindre elvar finn ein Lielupe, sentralt i Latvia, Venta i vest, Gauja i nordvest og Aiviekste i aust. Lite av desse elvane vert nytta til vasskraftproduksjon. Gauja er ei relativt rein elv og renn mellom anna gjennom ein nasjonalpark. Det kalde vatnet trekkjer til seg aure og laks.

Meir enn 60 % av vatnet som renn gjennom Latvia kjem frå nabolanda, hovudsakleg Kviterussland og Litauen. Dette krev at samarbeid mellom desse landa for å halde forureiningsnivået nede. Samarbeidet fekk seg derimot ein alvorleg knekk i november 1990 då ein polymerfabrikk i Navapolatsk i Kviterussland ved eit uhell slapp ut 128 tonn cyanidderivat i Daugava utan å åtvare Latvia. Det einaste sporet på at noko var gale var all den daude fisken som kom flytande.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Latvia har eit temperert klima som ikkje er ulikt det ein finn i Skandinavia. Austersjøen medverkar i stor grad til dette, og fører til kjølig og fuktig vêr året rundt, og vintertemperaturane gjev relativt mildt vêr samanlikna med andre område på same breiddegrad. Lett snøfall er vanleg over heile landet om vinteren, men smelteperiodar som kjem med jamne mellomrom hindrar snødekket i å verte for djupt. Om sommaren har ein regn og regnbyger om lag kvar andre eller tredje dag. Mai og juni er den tørraste tida på året. Riga har ein normal årsnedbør på 567 mm.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Latvia har ikkje særleg mange verdifulle naturressursar, men likevel store mengder kalkstein som vert nytta til å lage sement, gips og leire av høg kvalitet, i tillegg til dolomitt, torv og byggemateriale. Fisk frå Austersjøen er ein annan potensiell eksportvare. Ein kan ofte finne rav langs kysten, som det er stor etterspurnad etter hos smykkeprodusentar. Enkelte geologar meiner det finst olje i havgrunnen på latvisk sokkel.

Areal og grenser[endre | endre wikiteksten]

Areal:
totalt: 64 588 km²
land: 64 588 km²
vatn: 0 km²

Landegrenser:
totalt: 1 150 km
grenseland: Kviterussland 141 km, Estland 339 km, Litauen 453 km, Russland 217 km

Kystlinje: 531 km

Maritime krav:
kontinentalsokkel: Til djup på 200 meter eller til djup som kan utnyttast.
økonomisk sone: 200 nautiske mil (370 km)
territorialfarvatn: 12 nautiske mil (22 km)

Geografiske ytterpunkt:
lågaste punkt: Austersjøen 0 m
høgaste punkt: Gaizinkalns 312 m

Ressursar og arealbruk[endre | endre wikiteksten]

Naturressursar: små førekomstar av rav, torv, kalkstein, dolomitt, vasskraft og dyrkbar mark.

Arealbruk:
dyrkbar mark: 27%
permanente avlingar: 0%
permanente beite: 13%
skogområde: 46%
anna: 14% (1993 est.)

Irrigert land: 160 km² (1993 est.)

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Naturfarar: Ingen

Miljøproblem: Luft- og vassforureining på grunn av dårleg handsaming av søppel. Rigabukta og elva Daugava er kraftig forureina. Forureining av jordsmonn og grunnvatn av kjemikaliar og petroluemsprodukt ved militærbasar.

Miljøvernsavtalar:
delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, utryddingstruga dyreartar, miljøfarleg avfall, vern av ozonlaget, skipsforureining, våtmarksområde.
signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved persistente organiske stoff, Kyotoavtalen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]