Laukslekta
| Laukslekta | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Liliopsida | |
| Orden: | Asparagales | |
| Familie: | Amaryllidaceae | |
| Underfamilie: | Alliaceae | |
| Slekt: | Allium | |
| Vitskapleg namn | ||
| Allium | ||
Laukslekta (latinsk namn Allium) er ei slekt i påskeliljefamilien (Amaryllidaceae) med over 600 artar i Europa, Midt-Austen, Sentral-Asia, Aust-Asia og Nord-Amerika. Artane er fleirårige urter, som dannar knollar. Alle har laukaktig lukt og smak. I APG III-systemet er slekta ein del av underfamilien Alliaceae og utgjer ein eigen tribus i denne.
Ei rekke andre plantar frå denne slekta blir brukt i matlaging, til dømes lauken til vanleg lauk, kvitlauk og sjalottlauk og stilken frå purrelauk og graslauk.
Laukane kan vere einslege eller samla i klynge, og dei deler seg kvart år anten ved rothalsen eller langs jordstengelen. Det ytre skallet er brunt eller grått, glatt og seigt, medan dei indre skalla er hinneaktige. Blada visnar som regel ned ved frømodninga, men for øvrig dannar dei eit vedvarende, grunnstilla bunt på 1-12 stk. Blada er vanlegvis linjeforma, fura eller flate og rette eller seglforma. Blomstrane sit i skjermar som blomstrar innanfrå og utover. Ofte er dei supplert eller heilt erstatta av yngleknoppar. Blomstrane er opprette, overhengande eller hengande med 6 blomsterblad i to kretsar. Frukta er kapselliknande med fleire, svarte frø.
Nokre viktige artar [endre]
Med norske namn der det finst og engelske.
- Allium acuminatum — tapertip onion, Hooker's onion
- Allium allegheniense — Appalachian onion
- Allium ampeloprasum — (Broadleaf) wild leek
- A. ampeloprasum var. ampeloprasum — elefantkvitlauk elephant garlic
- A. ampeloprasum var. kurrat — kurratlauk kurrat
- A. ampeloprasum var. porrum — purre leek
- Allium anceps — twinleaf onion
- Allium angulosum — Prydlauk mouse garlic
- Allium aflatunense — flowering onion
- Allium atrorubens — dark red onion
- Allium caeruleum — blue globe onion
- Allium campanulatum — dusky onion
- Allium canadense — Canadian garlic
- Allium carinatum — Roselauk Keeled Garlic
- Allium cepa — Kepalauk/vanleg lauk onion, garden onion, bulb onion
- Allium cernuum — nodding onion
- Allium chinense — Chinese onion, Chinese scallion, Japanese scallion, Oriental onion
- Allium fistulosum — Pipelauk Welsh onion
- Allium giganteum — giant onion
- Allium hollandicum — flowering onion
- Allium neapolitanum — white garlic
- Allium nevii — Nevius' garlic
- Allium nigrum — black garlic
- Allium oleraceum — Vill-lauk field garlic
- Allium oschaninii — shallot
- Allium paradoxum — few-flowered garlic
- Allium porrum — Purre
- Allium ramosum — fragrant garlic
- Allium sativum — Kvitlauk garlic
- Allium schoenoprasum — Graslauk chives
- Allium scorodoprasum — Bendellauk sand leek
- Allium siculum — Mediterranean bells, Sicilian honey garlic
- Allium sieberianum — Schult.f.
- Allium stipitatum — Persian shallot
- Allium textile — prairie onion
- Allium tricoccum — wild leek, ramp
- Allium triquetrum — trekantlauk three-cornered leek, triquetous garlic
- Allium tuncelianum — Tunceli garlic, Ovacik garlic
- Allium tuberosum — Garlic chives Chinese chives
- Allium ursinum — Ramslauk (også bjørnelauk) buckrams, wild garlic, broad-leaved garlic, wood garlic, bear's garlic
- Allium victorialis — Sigerslauk (også aprillauk)
- Allium vineale — Strandlauk crow garlic, wild onion