Laura Sundal Skorpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Laura Sundal Skorpen (18981990) var ei norsk jordmor, venstrekvinne og sanitetskvinne frå Norddalsfjorden i Flora, kjend for mange som «Solbakkens mor». Ho var drivkrafta bak etableringa av Solbakken arbeids- og sjukeheim i 1960,[1] den første institusjonen for psykisk utviklingshemma i Sogn og Fjordane. I tiåra etter krigen hadde ho ein finger med i mange velferdstiltak i kystbyen Florø.

Jordmor[endre | endre wikiteksten]

Det låg ikkje i dagen at Skorpen skulle verta jordmor då ho vart fødd i Norddalsfjorden i 1898. Jenter skulle stella seg slik at dei vart godt gifte, og elles ikkje stikka seg fram i dei dagar. Men med god hjelp frå distriktslegen, fekk ho plass på Jordmorskulen i Bergen då ho var berre 18 år gamal[2]. Ho skulle helst ha vore myndig, altså 21 år. På den tida herja spanskesjuka i Bergen, og studentane måtte vere med å pleie dei sjuke og bere vekk lik. Laura fekk sjuka sjølv også, men greidde pliktane sine og fullførte utdanninga.

I 1919 kom ho til øya Skorpa som nyutdanna. Etter to år med praksis, vart ho distriktsjordmor. Ho tok imot om lag 2000 barn i si karriere. Som jordmor kom ho tett på familielivet, og ho såg korleis barn som var «annleis skapt» vart gøymde vekk. Det var ei skam å få eit slikt barn, og det vart ofte ei tung bør for familien.

Krigstid[endre | endre wikiteksten]

Laura Sundal Skorpen jobba som jordmor på øyene då krigen kom til landet. Ho fortsette i jobben sjølv om dette innebar at ho måtte reisa i båt medan minene låg og flaut mellom holmar og skjær. Laura deltok i motstandsrørsla under krigen og fekk Heimevernet si fortenestemedalje for dette.

Sanitetskvinne[endre | endre wikiteksten]

Skorpen var engasjert i folkehelsa og vart tidleg med i Kinn Sanitetsforeining. Gjennom foreininga spreidde ho kunnskap om abnorme børn eller åndssvake som dei vart kalla. Ho ville løfta dei fram i lyset og gi både dei og familiane deira eit betre liv. I 1949 vart Sogn og Fjordane Sanitetsforeining skipa,[3] og Laura Sundal Skorpen fekk formannsvervet. Laget jobba blant anna med ideen om å bygga ein «åndssvakeheim», og Laura fekk fylkeslege Blew med seg i planarbeidet. På Solbakken fekk 32 born ein ny kvardag i 1960.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: Solbakken
  2. Bergen Byarkiv: Bergen Jordmorhøgskole
  3. NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon: Norske Kvinners Sanitetsforening

Kjelder[endre | endre wikiteksten]