Laurelia novae-zelandiae
| Pukatea | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Magnoliid | |
| Orden: | Laurales | |
| Familie: | Atherospermataceae | |
| Slekt: | Laurelia | |
| Art: | Laurelia (L. novae-zelandiae) | |
| Vitskapleg namn | ||
| Laurelia novae-zelandiae | ||
Laurelia novae-zelandiae (også kalla Pukatea) er eit stort eviggrønt tre, endemisk (stadeige) på New Zealand.
Innhaldsliste |
Utbreiing [endre]
Pukatea veks over heile Nordøya på New Zealand, og på den nordlege tredjedelen av Sørøya. Det veks ofte i fuktige og skuggefulle låglandsskogar, gjerne i erosjonskløfter.
Utsjånad [endre]
Pukatea kan veksa seg 40 m høgt, og er det einaste newzealandske treet som utviklar kraftige støtterøter. Dei mørkegrøne, elliptiske blada er fem til sju cm lange og grovt taggete.
Bruk [endre]
Historisk har det lette, men sterke tømmeret til pukatea vorte brukt til båtbygging. Eit uttrekk frå borken som inneheld alkaloidet pukateine vart brukt av maoriane i tradisjonell urtemedisin som eit analgetisk (smertestillande) middel. Uttrekk frå ulike delar av borken vart også brukt til handsaming av sår, mageplager og kjønnssjukdomar.[1][2]
Referansar [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Laurelia novae zelandiae» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2008.