Laurent-Désiré Kabila
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laurent-Désiré Kabila (27. november 1939–16. januar 2001) (ifølgje andre kjelder fødd 1941) i Likasi i Belgisk Kongo) var ein kongolesisk opprørsleiar, politikar og president.
Etter å ha styrta diktatoren Mobutu Sese Seko vart Kabila president i Kongo frå 17. mai 1997 og fram til han vart myrda av ein av sine eigne soldatar 16. januar 2001. Etter mordet vart han etterfølgd av sonen sin, Joseph Kabila.
| Føregjengar Mobutu Sese Seko |
President i Kongo 1997–2001 |
Etterfylgjar Joseph Kabila |