Lauritz Weibull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lauritz Weibull

Lauritz Ulrik Absalon Weibull, (2. april 18732. desember 1960), var ein svensk historikar og landsarkivar. Han vert særleg hugsa for sitt arbeid for å innføre kjeldekritikken som metode i svensk historieforsking, og for si nyvurdering av eldre nordisk historie. Curt Weibull var bror hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Weibull var son til ein historieprofessor. Frå 1892 studerte han ved Lunds universitet, der han vart cand. philol. i 1894, og disputerte i historie i 1899 og vart dr. philos. I 1900, og arbeidde som dosent dei neste åra. Han vart tilsett ved Landsarkivet i Lund i 1903, der han arbeidde til han vart utnemnd til professor i historie 1919, ein posisjon han hadde til 1938.

Weibulls vitskaplege kjepphest var omvurderinga av historieskrivinga gjennom bruk av moderne kjeldekritikk. Ved tilgang på nye kjelder og kritisk undersøking av eldre, modifiserte han den tidlegare svensknasjonale historieskrivinga. Weibull var mykje interessert i Skåne og Skånelandas, dei gamle danske provinsane Blekinge, Halland og Skåne, historie. I lag med far sin var han initiativtakar til Historisk Tidskrift för Skåneland, som vart utgjeve 1901-21. Seinare såg han til at Tidsskriftet Scandia vart starta, første nummeret kom ut i 1928. Han var redaktør for tidsskriftet fram til 1957.

Lauritz Weibull dekte eit breitt spekter av tema, frå tidleg mellomalder fram til 1600- og 1700-talet. Allereie før han avslutta doktoravhandlinga si, hadde han publisert studiar om litterære emne. Avhandlinga hans behandla eit 1600-tals-emne; De diplomatiska förbindelserna mellan Sverige och Frankrike 1629-1631. Ett bidrag till Gustaf II Adolfs och Kardinal Richelieus historia. I det store historieverket Sveriges Historia intill 20: de seklet, skreiv han avsnittet om Karl X Gustav, delvis basert på upubliserte arbeid av faren.

Weibull er best kjent for den kritiske re-evalueringa av tidleg svensk og skandinavisk historie, som han gjorde i bøkene Kritiska undersökningar i Nordens historia omkring år entusen (1911) og Historisk-Kritisk metod och nordisk medeltidsforskning (1913). Saman med broren Curt arbeidde han for å setje skandinavisk historieforsking på fastare grunn.

Weibull var medlem av 'Kungliga Samfundet för utgivande av handskrifter rörande Skandinaviens historia' (1901), 'Kungliga Humanistiska Vetenskapssamfundet i Lund' (1919), 'Vetenskapssocieteten i Lund', Danska Sellsk. for Fædrel. Hist. og Sprog, og av vitskapsakademia i Noreg og Danmark.

Utvalde verk[endre | endre wikiteksten]

  • De diplomatiska förbindelserna mellan Sverige och Frankrike 1629-1631. Ett bidrag till Gustaf II Adolfs och kardinal Richelieus historia, (doktorsavhandling, 1899)
  • Bibliotek och arkiv i Skåne under medeltiden, (1901)
  • Kritiska undersökningar i Nordens historia omkring år 1000, (1911)
  • Historisk-kritisk metod och nordisk medeltidsforskning, (1913)
  • Liber census Danio. Kung Valdemars jordabok, (1916)
  • Diplomatarium dioecesis Lundensis. Lunds ärkestifts urkundsbok, (1900-09)
  • Diplomatarium civitatis Malmogiensis. Malmö stads urkundsbok, (1901-17)
  • Sven Lagerbring. Skrifter och bref, (1907)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!