Lauryn Hill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauryn Hill

Fødd25. mai 1975 (48 år)
FødestadEast Orange, New Jersey
AliasLauryn Hill
OpphavUSA
Aktiv1987 -
SjangerR&B, soul, hip-hop
Instrumentvokal, akustisk gitar
Stemmetypemezzosopran
Tilknytte artistarFugees
PlateselskapColumbia Records, Ruffhouse
Verka somskodespelar, songar-låtskrivar, musikar, komponist, rappar, fjernsynsskodespelar, gitarist, pianist, filmskodespelar, songar, musikkprodusent, plateartist
Gift medRohan Marley
BornYG Marley
PrisarGrammy Award for beste nye artist, Amadeus Austrian Music Award

Lauryn Noelle Hill (fødd 25. mai 1975) er ein USA-amerikansk musikar, songar og skodespelar frå East Orange i New Jersey.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lauryn Hill vart fyrst kjend som songar i hip-hop-trioen Fugees frå 1992 til 1997. Ho song der saman med rapparane Pras Michel og Wyclef Jean. I 1993 spelte ho ei av hovudrollene i den musikalske filmen Sister Act 2, der ho var med på å framføra fleire gospel-songar, m.a. His Eye Is on the Sparrow, Oh, Happy Day og Joyful, Joyful. Ho har seinare spelt i fleire filmar, men har gjort størst karriere som musikar.

I 1998 gav Hill ut si fyrste soloplate, The Miseducation of Lauryn Hill som ho vann fleire Grammys for. Seinare har ho berre gjeve ut ei soloplate til, nemleg liveplata MTV Unplugged No. 2.0 frå 2002. Plata bestod i stor grad berre av røysta hennar og gitarspel. Det fekk noko dårlegare kritikk enn forgjengaren.

Lauryn Hill vakte også merksemd under ein joleopptreden i Vatikanstaten i 2003, då ho gav klår tale frå scena til dei katolske prestane om alvoret i dei mange overgrepssakene der prestar har vore ansvarlege.

Frå 2004 til 2006 vart Fugees sameinte att; dei reiste på Europaturné og det var planlagt at eit nytt Fugees-album skulle koma ut. Det varte likevel ikkje lenge før bandet vart oppløyst på nytt; dette skuldast truleg samarbeidsproblem mellom medlemene. Etter dette har Hill gjeve ut nokre få songar, mellom anna til soundtracket til filmen Surf's Up, og eit bidrag til plata Passion of the Christ: Songs, men ho har ikkje gjeve ut nokre nye plater enno.

Familieliv[endre | endre wikiteksten]

Lauryn Hill og Wyclef Jean hadde eit forhold i tida frå Fugees, men Wyclef Jean gifte seg med Marie Claudinette i 1994. Seinare møtte Lauryn Hill Rowan Marley, ein av sønene til reggae-legenden Bob Marley. Hill og Marley har i dag 5 born i lag.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Miseducation of Lauryn Hill (1998)
  • MTV Unplugged No. 2.0 (2002)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Lauryn Hill, henta inn 25. mars 2011.