Lausitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lausitz
Nieder- og Oberlausitz, 1700-talet

Lausitz (øversorbisk Łužica, nedersorbisk Łužyca, polsk Łużyce, tsjekkisk Lužice, latinsk Lusatia) er eit historisk landskap i aust i Tyskland og vest i Polen. Ein liten del ligg i dagens Tsjekkia. Området vert vanlegvis delt i Niederlausitz og Oberlausitz. Den historiske grensa mellom Nieder- og Oberlausitz følgjer i store trekk dagens grense mellom Brandenburg og Sachsen.

Basisdata[endre | endre wikiteksten]

  • Areal: om lag 11 000 km²
  • Folketal: om lag 1,4 mill.

Distrikt i Sachsen:

Distrikt i Brandenburg

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ein kanal i Spreewald

Lausitz grenser i nordvest og vest til høgdedraga Fläming og Schwarze Elster og i aust av elva Bóbr. Det nordlegaste punktet i Lausitz er Eisenhüttenstadt.

Niederlausitz er for størstedelen eit sletteland 100-150 moh. med opphavleg store myrområde, sumpskog og bøk-/eikeskog. Gjennom 1800- og 1900-talet er store område vorte omforma gjennom dagdrift på brunkol. I seinare år er vatn ført inn i nedlagte dagbrot, og nord og aust for Hoyerswerda er det skapt eit kunstig innsjølandskap (Lausitzer Seenland). Lengst i nord ligg det særprega våtmarksområdet og kulturlandskapet Spreewald.

Oberlausitz består av eit bølgjande landskap på 250–350 moh. og med enkeltståande høgdedrag på opptil 550 m. På grensa mellom Sachsen og Tsjekkia stig landet markant mot Lausitzerfjella med høgder på opptil 800 m.

Stader i Lausitz[endre | endre wikiteksten]

Den historiske hovudstaden for Niederlausitz er Guben. Andre større byar i Niederlausitz er Cottbus (Chośebuz), Eisenhüttenstadt (tidlegare Fürstenberg, tidlegare Stalinstadt), Forst, Luckau (Łukow), Spremberg (Grodk) og i Polen Żary.

I Oberlausitz er Bautzen (Budyšin) hovudstaden. Her ligg elles tvillingbyane Görlitz i Sachsen og Zgorzelec i Polen, Lubań, Zittau (Žitawa), Löbau (Lubij), Kamenz (Kamjeńc), Niesky, Hoyerswerda (Wojerecy) og Weißwasser(Běła Woda).

Historie og språk[endre | endre wikiteksten]

Før folkevandringstida vandra dei germanske hermundurane inn og blanda seg med den stadlege keltiske folkesetnaden. Under folkevandringstida kom dei slaviske sorbarane til.

Etter at Lausitz i 1031 var vorte innlemma i Austfrankarriket kom det eit innsig av tyske nybyggjarar til dei sørlege bergtraktene og elles der det var ledig land. Rundt Bautzen og Cottbus var sorbarane i fleirtal, men vart i mindretal etter at den industrielle revolusjon førte til ny innflytting. I dag lever sorbarane framfor alt nordvest for Bautzen og i delar av Spreewald.

Då Tyskland tapte Schlesien etter den andre verdskrigen fekk Lausitz eit stort tilsig av flyktningar austfrå; på det meste utgjorde dei ein tredel av folkesetnaden. Under den sterke industrireisinga i DDR-tida oppstod det eit underskot på arbeidskraft og det kom innflyttarar frå Thüringen, Erzgebirge og Mecklenburg til området. Under omstruktureringa av næringslivet etter samlinga av Tyskland er Lausitz derimot vorte eit fråflyttingsområde.

Det sorbiske språket er framleis levande i regionen og i store delar av Lausitz kan ein sjå stadnamnskilt og gateskilt på både tysk og sorbisk; det finst sorbiske skular og eit sorbisk teater. Som danskar i Schleswig-Holstein og frisere i Niedersachsen er sorbarane anerkjent som nasjonal minoritet i Tyskland. Det er to skriftspråksvariantar – nedersorbisk og oversorbisk. Talespråket eksisterer i fleire dialektar. Språket har likevel gått sterkt tilbake gjennom dei siste 50 åra; delvis på grunn av innvandring av tysktalande i perioden 1945 til 1989, dels at yngre sorberar som har flytta vekk etter 1990 legg av språket på sine nye heimstader. Talet på sorbisktalande er i dag estimert til om lag 50 000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]