Lausitzer Seenland

Koordinatar: 51°30′06″N 14°11′30″E / 51.50167°N 14.19167°E / 51.50167; 14.19167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innsjøen Speicher Scheibe

Lausitzer Seenland er eit område med fleire store innsjøar aust i Tyskland. Det dekkjer delar av to delstatar, den nordaustlege delen av Sachsen og den sørlege delen av Brandenburg. Viktige byar i området er mellom anna Senftenberg, Hoyerswerda og Cottbus.

Innsjøane har oppstått som følgje av lange periodar med gruvedrift etter brunkol i området. Sidan slutten av 1800-talet har området vore ein industriregion, som har produsert brunkol og elektrisitet. Med gjenforeininga av Tyskland i 1990 valde ein å leggje ned den lange tradisjonen på grunn av dårlegare tilgang på brunkol og den kraftig forureininga dette førte til. Sjølv om ein framleis grev ut brunkol og nokre store kraftverk held fram å produsere straum med han, skal heile denne industrien leggast ned før 2020.

Sidan 1970-åra har nokre gamle, stengde gruver vorte omforma til eit nytt landskap som tidlegare var ukjend i området. Det som ein gong var eit flatt land med røsslyng og få tre er no eit innsjødistrikt, som kan samanliknast med Mecklenburgische Seenplatte i Mecklenburg eller Masuria i Polen. Alt starta då innsjøen Kanppensee vart danna, og så Senftenberger See, som framleis er den største innsjøen i området.

Fleire innsjøar er vorte danna med planar om å danna over tjue fleire. Innsjøar som allereie er danna er:

  • I nord: Gräbendörfer See, Altdöberner See, Bergheiner See
  • Sentral: Senftenberger See, Ilsesee, Sedlitzer See, Partwitzer See, Geierswalder See, Neuwieser See, Blunoer Südsee, Sabrodter See, Bergener See, Spreetaler See
  • I sør: Bernsteinsee, Scheibesee, Dreiweibner See, Speicherbecken Lohse II, Silbersee/Mortkasee, Knappensee, Graureihersee

Dette er ikkje dei einaste kunstige innsjøane som har vorte og vil verte danna aust i Tyskland. Rundt byen Leipzig har ein byrja å utvikle eit nytt innsjødistrikt, og ein har andre døme som Bärwalder See nær byen Görlitz i Oberlausitz.

Enkelte meiner at heile området rundt Lausitzer Seenland kan verte eit av dei mest attraktive turistområda i Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

51°30′06″N 14°11′30″E / 51.50167°N 14.19167°E / 51.50167; 14.19167