Lauvsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauvsnes
tettstad
Rorbuer i Lauvsnes
Foto: Arsenikk
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Flatanger
Areal 0,6 km²
Folketal 512  (2023)
Folketettleik 853 / km²
Postnummer 7770 FLATANGER
Kart
Lauvsnes
64°30′02″N 10°53′38″E / 64.500555555556°N 10.893888888889°E / 64.500555555556; 10.893888888889

Lauvsnes er ein tettstad i Flatanger kommune i Trøndelag fylke. Staden har 512 innbyggjarar per 1. januar 2023 og er administrasjonssenter i kommunen.

Lauvsnes har eit allsidigt næringsliv med jordbruk, industri, fiskeoppdrett, handel, turisme og ulike offentlege tilbod innan helse, omsorg og skulevesen.

Flaumen i januar 2006[endre | endre wikiteksten]

I januar 2006 held delar av staden på å verte teken av ein storflaum i Lauvsneselva, som er regulert. Vatnet rann over dammen i Lauvsnesvatnet og fossa nedetter elva. Eit hus vart teke av vassmassane og ført på havet. To bruer vart knuste. Vass- og avlaupsnettet vart øydelagd og samfunnshuset vart nær rive ned i elva då elva grov ut under skrenten det stod på. Ei rekkje personar vart evakuerte frå heimane sine.[treng kjelde]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.