Lauvsongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lauvsongar


Lauvsongar
Lauvsongar

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Phylloscopidae
Slekt: Phylloscopus
Vitskapleg namn
Phylloscopus trochilus

Lauvsongaren (Phylloscopus trochilus) er ein fugleart i slekta Phylloscopus, bladsongarar. Lauvsongaren er den vanlegaste av alle fuglane i Noreg. Han kjem i april og du kan høyre songen hans heile sommaren.

Lauvsongar
Foto: Svein Jan Hjelmeset

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er liten og nett, om lag 13 cm lang, med lyst grøngul fjørdrakt og smal spiss nebb. Rygg og isse er olivengrøne. Over augebryna ein kraftig markerat lysgul strek. Strupen er lyst grøngul og brystet, buken og undergumpen kvit eller gulkvit. Vengane manglar vengeband. Beinea er lysbrune men kan også ha ein mørkare brun tone.

Læte[endre | endre wikiteksten]

For ein uvand lyttar kan sangen minne om bokfinken sin. Lauvsongaren har ei tydeleg mjukare, vemodigare røyst og sangen saknar bokfinken sitt avsluttande, crescenderande "knorr". Lauvsongarstrofen vert innleia med nokre høge toner, for sidan å avrundast med ein grasiøst forsvinnande musikalsk gest ut i inkje. Songen høyrest ofte om våren og på føresommaren.

Vanlegaste læta er ei mjuk tostava visling huit, oftast med trykk på første stavinga. Denne vert bruka som lokkelæte og kan minne om raudstjerten som likevel ofte avsluttar meir smekkande. Det er lett å forveksle lauvsongaren med gransongaren. Ein kan finne lauvsongaren over heile Noreg. Han likar seg nesten like godt i lauv- som i barskog.

Utbreiing og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Lauvsongaren vart skildra taksonomisk første gongen i 1758 av Linné i Systema Naturae og han plasserte då arten i slekta Motacilla. I 1826 flytta Friedrich Boie arten til slekta Phylloscopus der lauvsongaren utgjer typearten.

Tidlegare vart lauvsongaren plassert i den no oppdelte familien songarar (Sylviidae) men vert no plassert i familien bladsongarar (Phylloscopidae).

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fuglen hekker i Storbritannia, i sentrale og nordlege delar av Europa (dei sørlegaste hekkeplassane finst nord i Spania) i heile Skandinavia, og austover gjennom Russland nesten til Beringstretet. Vinterkvartera ligg i det sørlege og midtre Afrika.

Lauvsongaren vert delt i tre underartar:

  • Phylloscopus trochilus trochilus (sørleg lauvsongar) - nominatforma hekker på dei britiske øyane, i det sentrale og sørlege Europa, nord til det sørlege Skandinavia og aust til Romania og Balkan. Sørleg lauvsongar overvintrar i det vestlege Afrika.
  • Phylloscopus trochilus acredula (nordleg lauvsongar) - hekker i midtre og nordlege delar av Skandinavia, aust til Jenisej, og sør til Volga sitt nedre løp, i det nordlegeKasakhstan og i Sajanfjella i det sørlege Sibir. Nordleg lauvsongar overvintrar aust og sør i Afrika.
  • Phylloscopus trochilus yakutensis (austleg lauvsongar) - hekker i det sentrale og austlege Sibir, og overvintrar i det sørlege Afrika.

Populasjonen i Skandinavia gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kan vere relatert til klimaendringar. [1]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Lauvsongaren hekkar frå fjøresteinane til 1000 moh. Det er vanskeleg å finne reiret til denne fuglen. Reiret ligg direkte på bakken, er overbygd og har inngang frå sida. Byggematerialet er strå og mose og det vert fôra med fjør. Hoa legg 6-7 kvite egg med raudbrune prikkar og rugar i om lag 13 dagar. Ungane er i reiret i om lag 14 dagar. Lauvsongaren kan ha eit-tre kull i mai-juni og juni-august. Han lever av insekt. Lauvsangaren er ein trekkfugl som kjem i april/mai og reiser til Sør-Afrika i august/oktober.

Trekkvanar[endre | endre wikiteksten]

Somme fuglar flyg sørover allereie i juli, men største trekket går i august. Lauvsongarar frå den nordlege delen av Fennoskandia flyg mot sør og søraust og overvintrar i det austlege og sørlege Afrika, medan fuglar frå den sørvestlege delen av den skandinaviske halvøya flyg mot sørvest og overvintrar i områda rundt Guineabukta. Lauvsongarar frå Sør-Noreg til og med Trøndelag flyg gradvis langs vestkysten av Europa til vinterkvartera som truleg i hovudsak er landa på nordsida av Guineabukta. Ein har funne ei gjennomsnittleg distanse på 53 km per døgn, og ut i oktober har dei fleste truleg nådd Afrika. Lauvsongarane flyg frå vinterkvartera i februar-mars, til Noreg kjem dei i slutten av april og i mai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk institutt for naturforskning: Færre fugl i fjellet