Lauvtreløpar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Lauvtreløpar | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Arthropoda | |
| Underrekkje: | Hexapoda | |
| Klasse: | Insecta | |
| Underklasse: | Pterogyta | |
| Infraklasse: | Neoptera | |
| Orden: | Coleoptera | |
| Familie: | Cerambycidae | |
| Slekt: | Rhagium | |
| Vitskapleg namn | ||
| Rhagium mordax
De Geer, 1773
|
||
Lauvtreløparen er ein europeisk trebukk som finst frå Finnmark i nord til Pyreneane i sør, og austover til vest-Sibir. Arten er mellom dei aller vanlegaste og mest utbreidde trebukkane me har.
Levesett[endre]
Lauvtreløparar finst i trevirke frå mange ulike slags lauvtre, mellom anna bøk, eik, kastanje, lønn, bjørk, osp, lind og alm. Ein kan òg rett som det er finna arten i bartre som furu og gran.
Arten utviklar seg i gamalt, fuktig og liggande trevirke, til dømes i stubbar og stammar. Ein finn larvane anten under eller i borken, medan puppane berre er å finna under i særskilde puppekammer. Vaksne biller vert klekt i august-september, og overvintrar før dei kjem ut om våren.
Dei nyttar frå to år og opp på utviklinga si.