Lauwers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lauwers.svg

Lauwers er ei elv i Nederland. Ho dannar grensa mellom provinsane Friesland og Groningen. Frå 730-åra til Widukind sitt nederlag i 785 danna ho ein del av grensa til Frankarriket.

Den tidlegare Lauwerszee og dagens Lauwersmeer er begge kalla opp etter elva. Ho har utspringet sitt søraust for landsbyen Surhuisterveen. Nær Gerkesklooster/Stroobosch kryssar ho Prinsesmargrietkanaal/van Starkenborghkanaal.

Lauwers vert først ei større elv etter ho mottar sideelva si, Oude Vaart, nær Schalkendam. Vidare nedover deler Lauwers seg i to greiner, den frisiske Oude Lauwers og Zijldiep i provinsen Groningen.

Lauwers munnar ut i Vadehavet i ein kanal mellom øyane Schiermonnikoog og Rottumerplaat/Rottumerkoog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]