Lavangen kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 68°44′30″N 17°48′00″E

Lavangen kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1920
Fylke Troms
Adm.senter Tennevoll
Areal 303 km²
Folketal 1 012 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-2015) Erling Bratsberg (Sp)
Språk

Norsk målform: Nøytral

Samisk språk: Nordsamisk

Nettstad www.lavangen.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1920.svg
Lavangen kommune på Commons
For fjorden som kommunen er kalla opp etter, sjå Lavangsfjorden i Lavangen

Lavangen kommune (samisk Loabáid gielda) ligg i Indre Sør-Troms og grensar mot kommunane Salangen i nord, Bardu i aust, Gratangen i sør, og mot Ibestad over Astafjorden i vest. Lavangen er og namnet på ein fjord i kommunen.

Indre del av Lavangen.

Kommunen har den einaste kommunale sameskolen i Troms. I 1999 blei han kåra til landets femte beste kommune å bu i av Norsk Familieøkonomi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lavangen kommune vart oppretta 1. januar 1907, då han vart skild ut frå Ibestad kommune. 1. januar 1964 vart kommunen innlemma i Salangen kommune, men 1. januar 1977 vart kommunen skild ut att som eigen kommune. Området Lavangsnes, som tidlegare hadde vore del av Lavangen kommune, vart då verande i Salangen kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Frå Lavangen vart gjenoppretta som eigen kommune i 1977 og fram til 2002, var han den nest minste kommunen i Troms etter folketal, berre større enn Bjarkøy kommune. I 2002 vart også Berg kommune mindre enn Lavangen, fordi nedgangen i folketal gjekk raskare der.

Folketalsutvikling for Lavangen kommune frå 1910:

1910[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
1536a 1541a 1657a 1824a 1780a 1698a 1280 1145 1031 1012
a Talet omfattar Lavangsnes, som var del av Lavangen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964, men vart igjen i Salangen kommune då Lavangen vart skild ut att som eigen kommune i 1977.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjelde: SSB
  2. "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Folkemengd i Lavangen 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Systerprosjekt[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lavangen kommune


Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.