Lavangsfjorden i Lavangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lavangen innover mot Tennevoll sett frå Skavneskollen

Lavangen eller Lavangsfjorden (samisk Loabákvuotna) er ein fjordarm av Salangen i Lavangen og Salangen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 16 km søraustover til Tennevoll i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom bygda Lavangnes i nord og Svarthammaren i sør. Den ytre delen av fjorden følgjer kommunegrensa mellom Lavangen og Salangen før fjorden, medan resten av fjorden ligg i Lavangen.

Keiprød er ei bygd som ligg på sørvestsida om lag halvvegs inn i fjorden. Ved grenda Hastnes svingar fjorden austover, før den indre delen av fjorden svingar sørover ved Rød. I den indre delen av fjorden er det fleire bygder og grender langs fjordsidene. På austsida finn ein bygdene Soløy, Å og Hesjevik. Ved Soløy ligg òg Lavangen kyrkje. På vestsida ligg bygdene Røkenes og Låternes. Tettstaden Tennevoll, kommunesenteret i Lavangen, ligg inst i fjorden.

Riksveg 84 går langs austsida av den indre delen av fjorden, medan Fv141 går langs heile sørvestsida.