Lavernock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lavernock
Lavernock

Plassering
Lavernock is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Wales 2.svg Wales
Hovudområde Vale of Glamorgan
Geografi
Koordinatar 51°14′25″N 3°10′20″WKoordinatar: 51°14′25″N 3°10′20″W
Diverse annan informasjon
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lavernock

Lavernock er ein landsby i Vale of Glamorgan i det sørlege Wales. Han ligg mellom Penarth og Sully ved Bristolkanalen.

13. mai 1897 sendte Guglielmo Marconi, med assistanse frå ingeniøren George Kemp frå postkontoret i Cardiff, det første trådlause radiosignalet over vatn frå Lavernock Point i landsbyen til øya Flat Holm i Bristolkanalen. Meldinga som vart sendt med morsealfabetet var 'ARE YOU READY' ('er du klar').

Lavernock Point med Flat Holm i bakgrunnen

Ved landsbyen ligg Cosmeston Lakes Country Park, ein park med rikt fugleliv og ein rekonstruksjon av ein landsby frå mellomalderen. Det er òg godt turterreng med utsikt til øyane Flat Holm og Steep Holm.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]