Law-Racoviță-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 69°23′18.61″S 76°22′46.20″E
Law-Racoviță-stasjonen
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 69°23′18.61″S 76°22′46.20″E
Administrert under Antarktistraktaten
Law-Racoviță-stasjonen is located in Antarktis
Law-Racoviță-stasjonen (Antarktis)

Law-Racoviță-stasjonen (rumensk Staţia Law-Racoviţă) er den første permanente rumenske forskingsstasjonen i Antarktis, kalla opp etter den rumenske oppdagaren Emil Racoviță og innvigd 13. januar 2006. Stasjonen vart opphavleg bygd av Australia i 1986 og så gjeven til Romania. Stasjonen ligg i Princess Elizabeth Land i Larsemannfjella, 2 km frå den kinesiske Zhongshan-stasjonen og den russiske Progress-stasjonen.

Law-Racoviță-stasjonen ligg på ei klippe kring 3 km frå Ingrid Christensen Kyst. Ein kjem til stasjonen med helikopter frå Davis-stasjonen, kring 80 km nordaust, eller over land frå Zhongshan- eller Progress II-stasjonen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

In 1986 bygde Australia Law-stasjonen for polarforsking om sommaren. Teodor Negoiță prøvde å danna ein rumensk base i Antarktis frå 1997. Etter fleire år med forhandlingar med medlemslanda i Antarktistraktaten fekk rumenarane løyve til å nytte den tidlegare australske basen. Den 20. februar 2006 vart stasjonen offisielt gjeven til Romania frå Australia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]