Lay Lady Lay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Lay Lady Lay»
Singel av Bob Dylan
frå albumet Nashville Skyline
B-side «Peggy Day»
Utgjeve Juli 1969
Innspelt 14. februar 1969 Columbia Studio A, Nashville i Tennessee
Sjanger Countryrock
Lengd 3:20
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi
«I Threw It All Away»
(1969)
«Lay Lady Lay» «Tonight I'll Be Staying Here with You»
(1969)

«Lay Lady Lay» er ein song skriven av Bob Dylan på albumet Nashville Skyline frå 1969.[1] Som mange av songane på albumet syng Dylan song i ei låg, mjuk stemme, i staden for den høge, nasale songstilen han normalt er kjend for.[2] Songen har vorte ein standard og har vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre The Byrds, Ramblin' Jack Elliott, The Everly Brothers, Melanie, Magnet, The Isley Brothers, Duran Duran og Ministry.[1][3]

Bob Dylan-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Lay, lady, lay, lay across my big brass bed
Lay, lady, lay, lay across my big brass bed
Whatever colors you have in your mind
I’ll show them to you and you’ll see them shine

Bob Dylan

Dylan si utgåve av songen vart gjeven ut på singel i juli 1969 og vart raskt ein hit i USA, der han nådde 7. plass.[4] Singelen gjorde det enno betre i Storbritannia, der han nådde 5. plass.[5] Songen vart opphavleg skriven for filmmusikkemn til Midnight Cowboy, men vart ikkje ferdig i tide for denne filmen.[6][7]

Songen er skriven i A-dur og har ein fallande kromatisk akkordprogresjon.[8][9] Den mest gjenkjennelege knaggen i songen, som har langt fleire knaggar enn det som er vanleg for Dylan, er ein gjentakande pedalsteelgitar-riff.[1] Songen har ein særeigen trommerytme spelt av Kenny Buttrey, som rekna spelinga si på songen som ei av dei beste han nokon gong har gjort.[10] Tekstmessig omhandlar songen romantisk og seksuell forventing der songaren ber kjærasten sin om å overnatte med han.[1]

Songen er ofte spelt av Dylan på konsertar og var med på konsertalbuma Hard Rain og Before the Flood.[1] Han finst òg på mange samlealbum.[11][1]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

The Byrds-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Lay Lady Lay
Singel av The Byrds
B-side «Old Blue»
Utgjeve 2. mai 1969
Innspelt 27. mars 1969, Columbia Studios, Hollywood, CA
18. april 1969, Columbia Studios, Nashville, TN
Sjanger Rock
Lengd 3:18
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
The Byrds-kronologi
«Bad Night at the Whiskey»
(1969)
Lay Lady Lay «Wasn't Born to Follow»
(1969)

The Byrds si innspeling av «Lay Lady Lay» vart gjeven ut på singel den 2. mai 1969 og nådde 132. plass i USA, men nådde ikkje lista i Storbritannia.[12][13] Songen vart ikkje gjeve ut på album, men kom like etter studioalbumet deira Dr. Byrds & Mr. Hyde.[14] The Byrds valte å spele inn songen etter at Bob Dylan hadde spelt Nashville Skyline for bandet heime hos bandleiaren Roger McGuinn.[15] The Byrds spelte «Lay Lady Lay» den 27. mars 1969, men produsent Bob Johnston la på kvinneleg koring på innspeligna den 18. april utan løyve frå The Byrds.[16] Singelen vart gjeven ut og det var først då bandet vart klar over den kvinnelege koringa.[15][16] Bandet vart rasande og følte at koringa var upassande og flaut.[17] The Byrds vart så irriterte på Johnston at dei aldri arbeidde med han igjen.[15]

Trass i at bandet ikkje likte den ferdige singelen, syns mange kritikarar at det kvinnelege koret heva kjenslemessige appellen til songen.[15] I seinare tid har ei utgåve utan det kvinnelege koret dukka opp på fleire samleplater, og som bonusspor på den nymastra utgåva av Dr. Byrds & Mr. Hyde frå 1997.[17]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Bob Dylan - Lay Lady Lay melding og albuminfo». Allmusic. http://www.allmusic.com/song/t1992178. Henta 9. mars 2010. 
  2. «Nashville Skyline review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/nashville-skyline-r6423. Henta 9. mars 2010. 
  3. «Lay Lady Lay Cover Versions». Allmusic. http://www.allmusic.com/cg/amg.dll?p=amg&sql=17:2667141. Henta 9. mars 2010. 
  4. «Bob Dylan Billboard Singles». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/nashville-skyline-r6423. Henta 9. mars 2010. 
  5. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 266. ISBN 0-7119-7670-8. 
  6. Heylin, Clinton. (1991). Dylan: Behind The Shades - The Biography. Viking Books. s. 193. ISBN 0-670-83602-8. 
  7. Trager, Oliver. (2004). Keys to the Rain: The Definitive Bob Dylan Encyclopedia. Billboard Books. ISBN 0-8230-7974-0. 
  8. «Digital Sheet Music: Lay Lady Lady». Musicnotes.com. http://www.musicnotes.com/sheetmusic/mtd.asp?ppn=MN0069672. Henta 9. mars 2010. 
  9. Capuzzo, Guy. (2004). Music Theory Spectrum, Vol. 26, No. 2. University of California Press. ss. 188. 
  10. «Musicians at heart of this mission». The Tennessean. http://www.tennessean.com/article/20061007/NEWS06/101250018/-1/MTCN06/Musicians+at+heart+of+this+mission. Henta 9. mars 2010. 
  11. «Bob Dylan's Greatest Hits, Volume II RIAA Awards». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?resultpage=1&table=SEARCH_RESULTS&action=&title=Greatest_Hits_Volume_II&artist=Dylan&format=&debutLP=&category=&sex=&releaseDate=&requestNo=&type=&level=&label=&company=&certificationDate=&awardDescription=&catalogNo=&aSex=&rec_id=&charField=&gold=&platinum=&multiPlat=&level2=&certDate=&album=&id=&after=&before=&startMonth=1&endMonth=1&startYear=1958&endYear=2010&sort=Artist&perPage=25. Henta 9. mars 2010. 
  12. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. s. 544. ISBN 0-95295-401-X. 
  13. «The Byrds chart data». Ultimate Music Database. http://www.umdmusic.com/default.asp?Lang=English&Search=Byrds&Where=Bands. Henta 9. mars 2010. 
  14. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. s. 627. ISBN 0-95295-401-X. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited. Rogan House. s. 289. ISBN 0-95295-401-X. 
  16. 16,0 16,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. ss. 208-209. ISBN 1-90600-215-0. 
  17. 17,0 17,1 «Dr. Byrds & Mr. Hyde». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. http://ebni.com/byrds/lpdbmh.html. Henta 9. mars 2010. 
  18. «Thank You review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/thank-you-r218338. Henta 9. mars 2010.