Laysanalbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laysanalbatross

Status i verda: NT Nær truga

Layanalbatross ved Kauai, Hawaii.Foto: DickDaniels
Layanalbatross ved Kauai, Hawaii.
Foto: DickDaniels

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Phoebastria
Art: P. immutabilis
Vitskapleg namn
Phoebastria immutabilis
Rothschild, 1893

Laysanalbatross, Phoebastria immutabilis, er ein stor sjøfugl som har leveområde i det nordlege Stillehavet. Denne måseliknande og relativt litle albatrossen er den nest mest vanlege sjøfuglen ved Hawaii, med ein anslått populasjon på 2,5 millionar individ. Han utvidar stadig utbreiingsområdet til nye øyar. Laysanalbatrossar vart først skildra som Diomedea immutabilis av Lionel Walter Rothschild i 1893, basert på ei prøve frå øya Laysan.[1]

Han har ein av hekkekoloniane på Laysan i det nordvestlege Hawaii, og øya har gjeve namn til arten.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Laysanalbatrossar har ei gjennomsnittleg lengd på 81 cm,[2] og eit vengespenn på 195-203 cm.[3] Hannfuglar veg frå 2,4 til 4,1 kg, litt meir enn hoene som veg 1,9-3,6 kg.[4][5] Denne arten har gråsvart overside på vengene, skulder, rygg og halefjører. Hovudet, heile undersida og overgumpen er kvit. Han har ein svart flekk rundt auget, og undersida av vengene har mønster som varierer mellom individa i svart og kvitt, nokre har smalare svarte kantar og variable mengder av svart i dekkfjøra på undervengen. Endeleg er nebbet i rosa farge med ein mørk tupp. Arten har ikkje hekkedrakt.[4] Ungfuglane har grått nebb og er mørke på overgumpen.[2]

Laysanalbatross er vanlegvis enkle å identifisere, i det nordlege Stillehavet er det enkelt å skilje han frå den andre relativt vanlege albatrossen, svartfotalbatross. Dei kan òg skiljast frå dei svært sjeldne gulhovudalbatrossar ved at laysanalbatross har heilt mørk rygg og litt mindre storleik. Fjørdrakta åt laysanalbatrossar kan likne på ein måse, medan gulhovudalbatrossar har langt meir kvitt på oversida enn typiske måsar.

Føda er hovudsakleg blekksprut,[6] men dei vil òg ete fisk, krepsdyr og andre virvellause dyr.[7]

Ei mor med unge, denne laysanalbatrossen har ein estimert alder på over 60 år.
Foto: John Klavitter/U. S. Fish and Wildlife Service
Laysanalbatrosse ved Kauai, Hawaii.
Foto: DickDaniels

Dette er normalt stille fuglar, men ved einskilde høve kan laysanalbatrossar gje lange 'muu'-ing lydar og avtakande kvin.[4] Levealderen til eit individ av denne arten blei ein gong estimert til å vere minst 60 år.[8]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Laysanalbatrossar har eit vidt leveområde over det nordlege Stillehavet med 16 hekkeplassar. Dei viktigaste hekkekoloniane ligg på Hawaii, spesielt på Midwayatollen og på Laysan. Dei hekkar òg på Boninøyane nær Japan, Den franske fregattatollen, og har byrja å kolonisere øyane utanfor Mexico, f.eks. Guadalupeøya[2] og på andre av Revillagigedo-øyane.[3] Når dei ikkje held seg i ein hekkekoloni, spreier dei seg vidt frå Japan til Beringstredet og sør til 15 ° N.[2]

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Laysanalbatrossar er kolonihekkarar, hekkar på spreidde små øyar og atollar, ofte i store mengder, og byggjer ulike reir avhengig av omgivnadene, alt frå enkle groper i sanden[9] til reir med vegetasjon.[2] Laysanalbatrossar har ein langvarig hekkesyklus, og hekkar årleg, sjølv om nokre fuglar tar kvileår.[2] Unge fuglar returnerer til kolonien tre år etter at dei blei flygedyktige, men hekkar ikkje første gongen før dei er sju eller åtte år gamle. I løpet av desse fire eller fem åra utviklar dei parforhold med ein partnar som vil halde for livet. Kurtise inneber spesielt forseggjorte 'dansar' som har opp til 25 ritualmessige rørsler. I kolonien på den hawaiiske øya Oahu, der tilhøvet mellom hannar og hoer er 2-3, har det av og til vore observert at to hoer dannar par.[10]

Det eine egget er skittenkvitt,[9] og det kan ha flekker.[11] Begge foreldra rugar på egget, og hannen gjer det først. Ruginga tar ca. 65 dagar, og blir etterfølgt av fleire veker med å varme ungen, etter det er begge foreldra ute på havet for å hente føde til den veksande ungen. Foreldra matar ungen med mageolje fram til han er flygedyktig, i ca. 160 dagar.

Laysanalbatrossar og svartfotalbatrossar har vore kjente for å hybridisere.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Robertson, C. J. R. (2003). «Albatrosses (Diomedeidae)». I Hutchins, Michael; Jackson, Jerome A.; Bock, Walter J. et al.. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins. Joseph E. Trumpey, Chief Scientific Illustrator (2 ed.). Farmington Hills, MI: Gale Group. pp. 113–122. ISBN 0 7876 5784 0. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 BirdLife International (2012) Species factsheet: Phoebastria immutabilis. Henta frå http://www.birdlife.org on 14. april 2012
  3. 3,0 3,1 3,2 Dunn, Jon L.; Alderfer, Jonathan (2006). «Albatrosses». I Levitt, Barbara. National Geographic Field Guide to the Birds of North America (fifth ed.). Washington D.C.: National Geographic Society. s. 78. ISBN 978 0 7922 5314 3. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Floyd, Ted (2008). «Tubenoses: Albatrosses, Shearwaters & Petrels, and Storm-petrels». I Hess, Paul; Scott, George. Smithsonian Field Guide to the Birds of North America (First ed.). New York, NY: HarperCollins Publishers. s. 81. ISBN 978 0 06 112040 4. 
  5. CRC Handbook of Avian Body Masses by John B. Dunning Jr. (Editor). CRC Press (1992), ISBN 978-0-8493-4258-5.
  6. Pitman, R. L.; Walker, W. A.; Everett, W. T.; Gallo-Reynoso, J. P. (2004). «Population status, foods and foraging of Laysan Albatrosses Phoebastria immutabilis nesting on Guadalupe Island, Mexico». Marine Ornithology (32): 159–165. 
  7. Tickell, W. L. N. (2000). Albatrosses. Robertsbridge, UK: Pica Press. 
  8. hos CNN: America's oldest wild bird is a new mom henta 14. april 2012
  9. 9,0 9,1 Udvardy, Miklos, D. F.; Farrand Jr., John (1994) [1977]. «Species Account». I Locke, Edie. National Audubon Society Field Guide to North American Birds. National Audubon Field Guide Series. Birds (Western Region) (2nd ed.). New York, NY: Alfred A. Knopf. ss. 356–357. ISBN 0 679 42851 8. 
  10. Lindsay C. Young et al., 2008, Successful same-sex pairing in Laysan albatross. Biol. Lett. 4, 323-325.
  11. Peterson, Roger T. (1961) [1941]. «Albatrosses: Diomedeidae». A Field Guide to Western Birds. Peterson Field Guide. 2 (Second ed.). Boston, MA: Houghton Mifflin. s. 8. ISBN 0 395 13692. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]