Lazar Kaganovitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lazar Kaganovitsj

Lazar Moisejevitsj Kaganovitsj (russisk: Ла́зарь Моисе́евич Кагано́вич) (fødd 22. november 1893 i Kabany nær Kiev, død 25. juli 1991 i Moskva) var ein sovjetisk politikar. Han fekk tilnamnet «Jern-Lazar». Kaganovitsj var fyrstesekretær i kommunistpartiet i Ukraina frå 1925 til 1928. Han bidrog aktivt i tvangskollektiviseringa av jordbruket, noko som førte til ei hungersnaud der millionar av menneske døydde.

Han støtta Josef Stalin sitt kandidatur til å verte sovjetisk leiar under maktkampen etter at Vladimir Lenin var død. Mellom anna juksa Kaganovitsj i valet av ny generalsekretær under partikongressen i 1934[treng kjelde]. Kaganovitsj var ein av dei fem mest tiltrudde medarbeidarane til Josef Stalin fram til slutten av utreinskingane mot slutten av 1930-talet, men hadde viktige posisjonar i Politbyrået heilt til Stalin døydde. I 1957 vart han fråteken alle verv i partiet, mistenkt for å drive fraksjonsverksemd, før han i 1961 vart ekskludert, som ein hardnakka stalinist. Han døydde like før Sovjetunionen formelt vart oppløyst i 1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lazar Kaganovitsj