Le Canard enchaîné

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein Canard-lesar.

Le Canard enchaîné er ei fransk satirisk avis, stifta i 1915. Avisa driv kritisk journalistikk og publiser ofte kritiske artiklar om politikk og økonomi. Lekkasjar frå den franske regjeringa vert ofte omtala. Avisa har ei sterk satirisk vinkling på dei fleste artiklane og bodskapen vert i stor grad formidla gjennom karikaturteikningar. Avisa kjem ut ein gong i veka, på onsdagar, og har eit opplag på 446 000. På grunn av den satiriske framstillinga er det naudsynt med god kjennskap til både fransk språk, samfunn og politikk for å få noko særleg utbytte av le Canard enchaîné.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]